Vi møtes på nedre parkering ved Fjell kyrkje kl. 10.30.
Til dagens tur kan det vera lite parkeringsplass om vi er mange. Kanskje må vi samlast i eit mindre tal bilar. Vi kjører til Nese, inn Vætestøvegen og til snuplassen for buss. Her startar turen.
Turen vi skal gå er enkel i lett kupert terreng, omlag 3 km. Det er eit fint område å gå i med fin utsikt over sjøen og ut til øyane.
Wenche Karin Nesse som bur på Nese har rydda sti, og funne fram til krigsminna der frå andre verdskrig. Der var mykje overgrodd.
Anlegget som tyskarane bygde på Nese i 1943 vart kalla "Støttepunkt Nese" Her var fleire løpegraver, stillingar og ein bunkar. Omlag 200 menn var stasjonert her. Dei skal ha hatt kjøkken og verkstad med hestestall, og det meste av det dei trong. Området var omgitt av piggtråd-sperringar. Endå kan vi sjå dei spesielle stolpane for piggtråd. Her var også lagt ut miner i minefelt ved Nese kai, ein eldre kai mot vest.
Turtid er berekna til omlag 3 timar. Det er med bilturen frå Fjell, og tilbake til Fjell, tida vi brukar i marka og matpause.
Vi håper på fint ver, uansett kle deg etter dagens ver. Ein del kloppar er lagt ut, men ved mykje nedbør vert det kanskje våte parti i stien. Ta med mat og drikke.