Go Norsk Friluftsliv to main content
23. Aug 2026

Oksen i Hardanger

Mer informasjon
Oksen i Hardanger
IconSted
Vaksdal
Icon Tid
Kl. 08.45 - 18.00
Icon Arrangør
Vaksdal Turlag
Icon Kontaktperson

Turen til Oksen er noko av det vakraste Vestlandet har å by på. Turen er krevjande og det er mange høgdemeter til toppen, men det er sjeldan ein kan sjå hardangerfjell stupe ned i djupe fjordarmar på meir spektakulært vis.

Oppmøte: Turbinen fleisbrukshall på Dale kl 08.45. Samkøyring derifrå.

Turskildring: Stistarten er ved Tjoflot, og turen går først eit lite stykke på traktorveg. Ein held fram på god sti bratt oppover gjennom skogen til setrane ved Vindhovden. Dei ligg på kring 600 meter over havet, og her på bøen kan det vere fint å ta ein pust i bakken. Utsikta er slåande vakker.

Ein er no komen over skoggrensa, og toppen av Oksen syner seg i høgda. Stien held fram jamt oppover langs ryggen til om lag 900 moh. Stien er godt synleg i terrenget. Vidare går turen oppover i eit noko brattare parti der stien er meir steinete. Her er det ingen farlege parti. Frå 1100 moh vert høgdemeterane rolegare, og den siste etappen fører deg opp til 1241 moh – og Oksen er bestigen.


På toppen får du ei fantastisk utsikt i 360 grader: Hardangerfjorden, Granvinfjorden, Sørfjorden og Eidfjorden. Ein kan sjå store delar av Hardangervidda, Folgefonna, Vossefjella og toppane på Raundalsryggen i nordvest. Oksen kan temjast i godt vêr, men styr unna når vêret er dårleg. Tåka legg seg gjerne over toppen, og då kan det vere vanskeleg å finne rett veg ned att. Turen vil bli avlyst dersom vêrmeldingane ikkje er gode.

(Henta frå ut.no)


Utstyr: Sjølv om vêrmeldingane er gode, er det naudsynt med noko utstyr på turar i dette terrenget. Kle deg fornuftig med gode fjellsko. Pakk ein sekk med:

  • Regntøy (jakke og bukse)
  • Ekstra ullundertrøye
  • Fleecejakke/ullgenser
  • Lue
  • Ullvottar eller andre vottar som er varme sjølv når dei er våte
  • Solbriller og solkrem
  • God matpakke, snacks for dagen og drikkeflaske (ev. termos til varmt drikke)
  • Sitteunderlag

Turleiing: Turen vert leia av turleiarar som har solid turerfaring og har gjennomført DNT sin turleierkursstige. Turleiarar er ikkje profesjonelle i den forstand at turane vert utført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guide. Dei vert utført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen og av å ta med andre på sine opplevingar. 

Tryggleik: Turane til DNT Vaksdal blir risikovurdert av turleiarane. Til tross for gjennomført risikovurdering og risikoreduserande tiltak, fins det alltid ein restrisiko ved å ferdast i norsk natur. 

Kart: Kart og turutstyr kan kjøpast hos Tursenteret  i Marken. Rabatterte prisar for medlemmar. 

Generelle vilkår ved påmelding: Les gjeldande vilkår her; Vilkår for deltaking på turer i regi av DNT. Den Norske Turistforening (dnt.no). Ver særskilt merksam på kva som gjeld i høve avmelding. Ved avmelding 10 dagar før turstart, er det full refusjon (minus gebyr på 50,-). 

Meld deg inn som DNT medlem her: Bli medlem i DNT

Ta kontakt med vaksdal.turlag@dnt.no

Turleiarar: Roger Sandvik og Johnny Thunestveit

Icon Oppmøtested