Go Norsk Friluftsliv to main content
14. Aug 2026

Min favorittur - med Karen Malena Kyllesø

Mer informasjon
Min favorittur  - med Karen Malena Kyllesø
IconSted
Hjelmeland
Icon Tid
Kl. 18.00 - 22.00
Icon Arrangør
Hjelmeland turlag
Icon Kontaktperson

Har du lyst å bli med ein ekte polfarar på tur ?

For Karen har heia heime i Hjelmeland betydd mykje, og då spesielt Lyngsheia som ligg like sør for heimbygda til Karen, Årdal.  Ja, Lyngsheia er faktisk eitt av Karen sine favorittområde !  Både som treningsarena i forkant av lange ekspedisjonar, men ikkje minst som tur-og rekreasjonsparadis saman med familie, gode vener eller aleine med hunden.

Denne kvelden skal nettopp DU få bli med Karen på tur ! 

Karen er 22 år, og allreie ein svært dreven og erfaren polfarar. Ho har mange røffe vinterekspedisjonar bak ser, ofte aleine !  Mest kjent er ho for å vere verdas yngste person til å gå solo til Sydpolen, 54 dagar aleine. 

I 2026 har ho ny utfordrande eventyr framfor seg.........og kanskje me får høyre litt om det når me slår følgje på ein fin liten kveldstur i lag i Lyngsheia denne sommarkvelden ?

Meir info om turen kjem når det nærmar seg turdato 
Følg med på Hjelmeland turlag si Facebookside

Turen er gratis
Me støtt gjerne vårt lokale turlagsarbeid med å melde deg inn som medlem i Den Norske Turistforening DNT

Icon Oppmøtested