Go Norsk Friluftsliv to main content
06. Sep 2026

Min favorittur - med Gunhild Holtet Eie

Mer informasjon
Min favorittur -  med Gunhild Holtet Eie
IconSted
Icon Tid
Kl. 10.30 - 16.00
Icon Arrangør
Hjelmeland turlag
Icon Kontaktperson

Bli med på ein fantastisk fin tur til ein av dei vakre stølane i Vormedalsheia : Kvanndalstølen !

Dette er Gunhild Holtet Eie sin favorittur i Hjelmeland. Her går ho ofte, då den eine av dei to stølane her tilhøyrer familien. Gunhild har i mange år vore styreleiar i Stavanger turistforening, og er ei aktiv turdame ! Nå sluttar ho i Stavanger, men trappar opp: ho går nå inn som nestleiar i landsstyret for Den norske turistforening.  

Turen startar frå p-plassen Fundingsland ca 350 moh kl 10.30. 

Me går opp på vestsida av Tøssånå og LIarstølsvatnet på god sti.   Første del av turen går i fint skogsterreng opp Daudadalen og forbi Olaslåttjødna.  Etter å ha passert skaret ovanfor Olaslåttjødna opnar terrenget seg opp, og me er over skoggrensa.  Me går langs fine myrar og tjern og open snauhei, via Tjørnadalen og Litle Kvanndalen - før me kjem fram til Kvanndalstølen som ligg på snautt 700 moh. Turen opp er ca 6 km 

På Kvanndalstølen tar me ein god pause med mat og drikke  - og kanskje får me ei historie og to frå staden her. 

Turen ned att går lengre aust, slik at me får ein rundtur. Me går over Kvanndalsheia på god sti ned til Vasstølen, ca 600 moh. Vidare nedover på austsida av Vardaheia, og nedover den fine furuskogen mot Krokånå - som me kryssar på hengebru før me kjem til hyttene ved Liarstølsvatnet. Etter å ha passert hyttefeltet og Liarstølsvatnet går det siste stykket på ein smal skogsveg på austsida av Tjøssåna ned til p-plassen. 

Det er ein del stigning, dels ulendt terreng og ein del myr, men ruta går stort sett på god sti. 

Dette er ein dagstur, og du bør vere noko turvandt og i god form. Totalt blir nok rundturen iallefall 12 km. 

Ta med god niste og drikke, og ekstra klær i sekken etter værforholda. Dersom det blir tåke/tett regn/dårleg vær kan turen bli avlyst. Følg med på meldingar på Hjelmeland turlag si FB side rett før turstart.

Turen er gratis. 
Men støtt gjerne vårt frivillige arbeid med å melde deg inn som medlem i Den Norske Turistforening -   Dersom du har bustadadresse i Hjelmeland blir du automatisk medlem i vårt lokale turlag.

Icon Oppmøtested