Nordhordland Turlag inviterer til midtveketur til Kinn og Askrova. Bli med når vi besøker disse perlene ute ved havet. Tur, kultur og øyhopping. Denne turen blir populær!
NB! Om turen får venteliste, registrer deg på den da vi vil vurdere å utvide deltakerantallet eller sette opp nye turer.
Begge overnattingane er på Kinn, og det vert båttransport til og frå naboøya Askrova.
Kinn har ei lang historie og kyrkja er frå 1100 talet. Det årlege Kinnaspelet tek for seg historia, der tre søstre kom i land på kvar si øy. St. Sunniva på Selja og Borny på Kinn.
Turen går med båt frå Bergen til Florø måndag 1. juni, med avreise frå Bergen kl 08.00 (Eventuelt frå Vardetangen kl 09.05) Båten er framme i Florø kl 11.33. Kvar deltakar må sjølv syte for transport til og frå Florø og reisekostnad inngår ikkje i deltakaravgifta. Kommenter ved påmelding kor du møter opp. I Florø vert vi møtt av turleiar Signe Nordvik som tek oss på ei lita sightseeing i Florø, før båten går til Kinn kl 14.30. Vel framme på Kinn, skal vi overnatte begge nettene i det gamle skulehuset, som no er gjort om til ubetjent hytte for DNT/Flora Turlag.
Neste morgon tek vi båt til Askrova, med avreise 07.20, via Florø. På Askrova er det fine turstiar og lett turterreng. Her får vi med ein lokal guide som fortel om øya og tek oss med i Trollhola. Det er muleg å leige eit begrensa antal syklar, som er reservert for oss denne dagen. Der er også ei badstu, så ta gjerne med badetøy, for ein frisk dukkert etter badstu. Så tek vi båt same veg attende til Kinn kl 14.57.
Onsdag 3. juni skal vi ha retur med båt til Bergen kl 15.00 frå Kinn.
Denne dagen kan vi ta ein tur i låglandet, eller opp i Kinnaklova, som er eit kjent landemerke. Det vert også mogeleg å få eit besøk i kyrkja ein av dagane.
Det er kun 12 plassar på denne turen, så først til mølla.....
Praktiske opplysningar:
Turleiar ordnar middag til begge dagane. Alle andre måltider må deltakaren sjølv ordne. Kvar deltakar må også kjøpe billett med båt t/r Florø samt også på båten til/frå Kinn og Askrova. Kjøp billett i god tid til hurtigbåten til og frå Florø.
Hytta har dyner og puter til alle, så ta med sengetøy eller lakenpose.
Nærare informasjon om turen kjem frå turleiar nokre dagar før avreise.
Pris:
For medlemmer kr 990,-
For ikkje-medlemmer kr 1.390.-
På denne turen gjelder følgende avbestillingsvilkår:
Avmelding t.o.m 1. mai gir 100% refusjon av deltakeravgiften med fradrag av et bankgebyr. Ved avmelding fra 2. mai t.o.m 15. mai refunderes 50 % av deltakeravgiften med fredag av et bankgebyr. Ved avmelding senere, eller hvis den påmeldte ikke møter ved avreise, blir deltakeravgiften ikke refundert. Deltaker må selv sørge for avbestillingsforsikring, gjennom reiseforsikring eller kortselskap. Denne gjelder ved sykdom eller andre årsaker som forhindrer deltakelse. Avmelding skal meldes til e-post nordhordland.turlag@dnt.no
Det er ikke mulig å ha med hund på turen.
Alle foto: Hild Fjærmestad Aase
Turleiar: Arnhild Hatland
Lenker:
Flora Turlag med hytta på Kinn
https://www.dnt.no/dnt-der-du-er/dnt-sogn-og-fjordane/flora-turlag/hytter-flora/
Askrova :
https://www.visitnorway.no/listings/askrova-tans%C3%B8y/232675/
Kinnakyrkja