Veit du at det er ein gard som heiter Luren i Teigdalen? Om det ikkje heilt er himmelturen, så er her eit flott panorama ein kan nyte frå tunet!
Oppmøte ved Turbinen fleirbrukshall på Dale kl 10.30.
Samkøyring frå Dale til Mestadvatnet i Teigdalen. Her i frå går stien bratt oppover lia mot Luren som ligg på 350 moh. På garden satsar vi på å få lokalinformasjon frå kjentfolk. Totalt, med køyring og pausar, reknar vi å bruke 4 timar på turen.
Ha på gode klede og sko i høve vêr og føre. Ta med sitteunderlag og god niste.
Turleiarar er Åshild og Terje D. Kvamme