Eksingedalen ein seinsommardag kan by på eineståande turopplevingar. Turen frå Ekse til Nesheim går forbi dei to stølane Eksestølen og Nesheimstølen - har du ikkje vore der før, har du høve no!
Oppmøte: Turbinen på Dale kl 0930. Me samkøyrer til Ekse (turen tar ein dryg time).
Første etappe er frå Ekse (550 moh) til Eksestølen som ligg på sørsida av Eksingedalen. Me kryssar elva (bru) og går opp gjennom lauvskogen oppover lia. Det første stykket opp mot Tjødnahaugane og Tjødnaleitet er noko bratt før ein kjem til det høgaste punktet på kring 830 moh og følgjer Falkadalen ned til Eksestølen og Eksetjødnet på 733 moh.
Eksestølen og Eksetjødnet
Frå Eksestølen går me vidare nordover i retning Brattefonni og Galdane. Me skal krysse elva som renn ned til Nesheimsstølen og gå på venstre sida ned til stølen. Her i frå går me litt opp att til Hjedlehaugen. Når me kjem til kvilesteinane er det din utsikt til Nesheim og deler av Eksingedalen.
Me reknar å bruke omkring 5 timar på turen. Køyring kjem i tillegg.
Du må ha sko og klede som høver etter vêrtilhøva. Fjellsko er sterkt anbefalt. Hugs godt med mat og drikke til ein heil dag i fjellet.
Turleiarar: Kari Brørvik og Elisabeth Holth