Go Norsk Friluftsliv to main content
IconSted
Stryn
Icon Tid
Kl. 08.30 - 19.00
Icon Arrangør
Indre Nordfjord Turlag

Kattanakken er fjellryggen mellom Briksdalsbreen og Kjøttabreen på den eine sida, og Melkevollsbreen på den andre sida.  Vi har mykje vill og vakker natur i Indre Nordfjord, men denne oppstigninga til Jostedalsbreen overgår nok det aller meste.

Kattanakken er ein krevjande tur med startpunkt frå Briksdalsbre Fjellstove. Dei første kilometer føl ein tilrettelagt gangveg mot Briksdalsbreen. Etter 1,9 km ( 350 moh) går ein inn på ein fysisk krevjande sti (3,8 km) med luftig kliving for å kome heilt opp på egga som fører vidare inn på rute mot Kvitesteinsvarden eller Slingsbyvarden. 

Stien opp Kattanakken var i si tid fyrste delen på ei klassisk patentrute (DNT-føring frå 1890-åra) over til Tungastølen og Austerdalen, men lever i dag sitt eige liv.  Ein bør ein væra vand turgåar med gode sko, og ha nokre treningsturar i kroppen, for å gå den bratte fjellturen. 

Det er nokre luftige parti over 900 moh, kor ein må påregne litt kliving. Det er nokre bratte sva med lite feste. Vi går same ruta ned att som vi kom opp.

Turen vert kun gjennomført om det er oppholdsvær, det vil være vanskeleg å gå om det viser seg at det er svært vått i terrenget eller det mot formodning skulle ligge nokoe snø igjen der stien går. 

Toppen av egga er omlag 1450 moh, og turen tek omlag  8-10 timar. Minnet om turen varer livet ut.  Vi reknar med stort oppmøte :)

Personar med utprega høgdeskrekk vil nok ikkje like seg på dei luftigaste passasjane.


Oppmøte ved Strynehallen kl. 08.30

Det er påmelding via linken på heimesida. Ein får ei bekrefting på e-post når ein er påmeldt. 


Turen er gratis for medlem i DNT/INT og koster kr 200 for ikkje medlemar. Ikkje betal før turen starter. Vipps 108817.

Icon Oppmøtested