Go Norsk Friluftsliv to main content
18. nov. 2026

Karen-kveld og draumeturar

Mer informasjon
Karen-kveld og draumeturar
IconSted
Hjelmeland
Icon Tid
Kl. 18.30 - 21.00
Icon Arrangør
Hjelmeland turlag
Icon Kontaktperson

Saman med sydpolfarar Karen Malena Kyllesø, 23, inviterar me til ein heilt spesiell kveld med ungdommar og draumeturar i fokus.

Me har invitert alle dei fem ungommane som mottok pengegåver frå Karen-fondet i 2026.
Tre av dei kjem fysisk til Spinneriet, medan to "deltar" digitalt.

Alle desse fem hadde kvar sin heilt spesielle draumetur som dei vil fortelje om:

- Ylva Frøytlog Nordal, 19 år - krysse Hardangervidda
- Elliot Annersted-Furre, 17 år - på ski over Finnmarskvidda
- Ingvill Sporaland, 21 år -  på ski over Svalbard
- James A Kvamsø Stensnes, 19 år -  klatre Mont Blanc, høgaste fjell i Europa
- Tiril Ekrem Hausken, 22 år - bestige Acongagua, høgaste fjell i Sør Amerika


Det blir pause med sal av kaffe/te og kaker  + sal av Karen si bok "Aleine"

Etter pausen vil Karen halde eit foredrag om sine eigne ekspedisjonar i 2026, dvs på ski over Svalbard og bestigning av Denali, høgaste fjell i Nord-Amerika.

Til slutt vil Karen dele ut nye pengegåver til nye ungdommar og nye draumeturar frå Karen- fondet.

Karen fondet blei oppretta av Hjelmeland turlag etter Karen sitt aller første Sydpolen- foredrag på Hjelmeland samfunnshus. Karen ville ikkje ha honorar, og me i turlaget ga bilettoverskotet til dette fondet. I tillegg bidrog Hjelmeland kommune til fondet. Det blei delt ut tilsaman 70 000 frå fondet i 2025.

Karen ønskja at fondet skulle vidareførast til 2026. Bilettinntekta til denne Karen-kvelden går i sin heilskap til fondet. 

BILETTSAL I DØRA MED VIPPS:

Kr 100 for barn/unge under 18 år og/eller studentar
Kr 300 for vaksne


Målet med Karen-fondet er å inspirere ungdommar til å følgje sine friluftsdraumar, og å spreie meistring og turglede. 

Kriterier for Karen-fondet:

- du må vere under 25 år
- du må vere frå Stavanger og omegn sitt geografiske område
- du må sende oss ein epost hjelmeland.turlag@dnt.no
- fortel om deg sjølv, din turdraum og korleis du har tenkt å få den realisert
- frist er 1. november

Det er Karen sjølv som veljer ut vinnar-kandidatane, og desse blir invitert til Hjelmeland for å motta gåva denne kvelden.


Icon Oppmøtested