Go Norsk Friluftsliv to main content
23. Aug 2026

JUBILEUMSTUR: Verdsarvtur til Stigen og Beitelen

Mer informasjon
JUBILEUMSTUR: Verdsarvtur til Stigen og Beitelen
IconSted
Icon Tid
Kl. 08.00 - 18.00
Icon Arrangør
Sogndal Turlag

Turomtale

Turen går til Stigen og Beitelen i verdsarvområdet i Nærøyfjorden. Høgdegarden Stigen og fjellklippa Beitelen som deler Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden er attraktive turmål. Men det er ein bratt sti opp til Stigen gard, slik at ein bør ikkje vere med på turen dersom ein har høgdeskrekk! 

Vi køyrer til Undredal der vi leiger båtskyss til kaien under Stigen. Turen til Stigen tek om lag ein time, og stien vidare til Beitelen om lag 2 timar. Her er det flott utsikt over fjord og fjell. Returen går same veg tilbake. Turen vil ta kring 6 timar.

Kart: Turkart Nærøyfjorden 1:50 000

Oppmøte 

Oppmøte vert annonsert. Truleg Lægreidsplassen i Sogndal kl. 8.15, ferje frå Mannheller kl. 9.00.

Påmelding

Det er krav om påmelding. Båten sin kapasitet avgjer kor mange vi kan vere på turen, truleg kring 20 personar totalt.

Turleiarar

Tom Dybwad (97523411) og Finn Loftesnes


Turplanlegging     

Ettersom   turane er planlagde lang tid i førevegen, kan det verta endringar i programmet, m.a. avreisetidspunkt. Følg difor med på heimesida til Sogndal Turlag og på Facebook for oppdatert turprogram. 

Viss du er i tvil om kor lett eller tung turen er, eller kva utstyr du treng til turen, ta kontakt med turleiar eller ein i styret. Ver venleg å følgja oppmodinga for å gjera arbeidet lettare for turleiaren.

Betaling for turar med Sogndal Turlag

Alle turar med Sogndal Turlag er gratis for medlemmar, men der det blir sett opp buss eller båt så må ein betala. 

For ikkje-medlemmar som ønskjer å delta på turane kostar det 50 kr å vere med. 

Beløpet kan vipses til: 99206.

Icon Oppmøtested