Go Norsk Friluftsliv to main content
05. Sep 2026

Hausttur til Skavlabu i Modalen

Mer informasjon
Hausttur til Skavlabu i Modalen
IconSted
Masfjorden
Icon Tid
Icon Arrangør
Nordhordland Turlag

Velkommen til ein sosial tur til Skavlabu!

Vil du byta ut sofaen med fjelluft, latter, hyttekos og kanskje eit friskt bad i fjellvatn? Då er dette turen for deg! Me inviterer til ei sosial og minnerik helg i Stølsheimen – med overnatting på Skavlabu turisthytte– hytta med det store hjartet!

Den rudmåla hytta ligg i alpint terreng ved eit lite vatn 960 moh. vest i Stølsheimen. Frå hytta er det 360 graders skue over dei vakre Modalsfjella.

Oppmøte og reise

Me møtast i Knarvik med avreise lørdag klokka 10.00. Køyring tek omlag ein time og førtifem minutt frå Knarvik, siste del på anleggsveg(Svartavassvegen) frå Masfjordtunellen. Det er også mogleg å møta direkte ved demninga ved Storavatnet. Her er frammøte med Storavatnet: https://kart.finn.no/?lng=5.74834&lat=60.86600&zoom=13&mapType=normap&markers=5.74607,60.86634,r,Brukerdefinert

Før me startar fotturen køyrer me nokre av bilane inn til Svartavatnet kor me kjem att på søndag. Me startar å gå omlag klokka 12.00. Kostnader til skyss vert ordna med sjåføren.

Turen opp lørdag

Me startar (700moh) i lett terreng til stiskille Dyrkolbotn, deretter dreier me aust langs Vetlavatnet og etter ein liten km startar oppstigning på omlag 300 høgdemeter. Så flatar terrenget ut og me går i vakkert småkupert høgfjellsterreng dei siste kilometerane fram til hytta (960)moh.   

Turen er omlag 5 km, med moglegheit for avstikkarar til Høganipa sør dersom vêr og forhald tillet det. Dette gjev vakkert utsiktspunkt.  

Avstikkar Høganipa sør: omlag 3 km tur/retur 

Søndag 

Me tek ein roleg morgon, og etter pakking og utvask reknar me med å starta returen klokka 10. Dersom vêret er fint, kan me utsetja ein times tid om folk vil bada og nyta naturen rundt hytta. 

Ruta frå Skavlabu til Svartavatn går nordover langs Skavlavatna til stidelar til Vardadalsbu, vidare nedover til anleggsvei og demning ved Svartavatn. Frå høgdee 930 moh. til demninga på ca. 800 moh. og til saman 2,7 km. 

Mat og måltider

Ta med niste til turen laurdag. 

Middag om kvelden ordnar turleiarane, og deltakarar må rekna med plass i sekken sin til å bera litt av maten og utstyr elles. Meld frå om evt. allergiar og intoleransar.

Frukost og lunsj søndag hentar me ut frå felleslageret på hytta. På lageret er det mellom anna  knekkebrød, havregraut, syltetøy, smør, leverpostei, te, kaffi. Ta med brød og eige pålegg dersom du ønskjer noko utover enn dette. Ønskjer du snacks og anna drikke enn vatn, te og kaffi, tek du det med deg. 

Utstyr m.m

Gode fjellstøvlar er anbefalt og god sekk. Hugs å ta med varme klede, også lue og hanskar. Den kan verte vått og kaldt i fjellet i september. Hugs lakenpose/sengetøy/sovepose og lommelykt. Tips til pakking får ein her:  https://www.dnt.no/turtips/turvett/artikler/pakkeliste-for-sommerturen/ 

Pris: kr. 795,- for medlemmer og kr. 1.100,- for ikkje-medlemar i DNT. I avgifta får deltakarane dekka overnatting, middag, proviantuttak av pålegg og drikke på hytta samt turleiing. Reiseutgifter inngår ikkje i deltakaravgifta.  

Avmelding t.o.m 15. august gir 100% refusjon av deltakeravgiften med fradrag av et bankgebyr. Ved avmelding fra 16. august t.o.m 25. august refunderes 50 % av deltakeravgiften med fradrag av et bankgebyr. Ved avmelding senere, eller hvis den påmeldte ikke møter ved avreise, blir deltakeravgiften ikke refundert. Deltaker må selv sørge for avbestillingsforsikring, gjennom reiseforsikring eller kortselskap. Denne gjelder ved sykdom eller andre årsaker som forhindrer deltakelse. Avmelding skal meldes til e-post nordhordland.turlag@dnt.no. 

Hund kan ikkje vere med på turen.

Me oppfordrar alle til å melde seg inn i DNT og støtte vårt arbeid med å få fleire ut på tur. Bli medlem i DNT! 

Deltakerne blir kontakta av turleiarane nokre dagar før turstart. 

Turleiarar: Renate R. Matre og Merete Ytreøy

Velkommen!


Icon Oppmøtested