Turen er ein rundtur frå sentrum av Lye ved idrettshallen, forbi Tjoratjørna og opp til Håfjell. Flott utsikt over Jæren frå toppen her. Vidare på sti tilbake til Lye og på gang - og sykkelveg tilbake til start. Turen tek ca 1,5 timar.
Oppmøte: Parkeringsplassen ved Lye idrettshall.
Turleiar: Lennie Anhots, mobil 401 74 210
Anne Reidunn Garpestad, mobil 958 19 098
Denne turen er ein av nærturane som går anna kvar onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 25 nærturar i dei fire kommunane. Følg gjerne turlaget på Facebook.
Stavanger Turistforening arrangerer turer heile året. Mange av våre turer er gratis og åpne for alle, men vi oppfordrer alle til å melde seg inn for å støtte arbeidet vårt. dnt.no/medlem