Mange har sett dei to gardshusa tett i tett på Furnes på andre siden av Bolstadfjorden. No kan du få kome opp til tunet dersom du vert med Vaksdal turlag på ei kulturhistorisk vandring i fjordlandskap mellom dei veglause gardane Furnes og Hermundsdalen og vidare ned til Tysso i Bolstadfjorden.
Oppmøte: Verpelstad, parkeringsplass 50 meter opp frå avkjørsle frå E16.
Oppmøtetidspunkt: 09.30
Avslutning: Dalseid stasjon 17.00
Turskildring: Det vert rikeleg med kulturhistorie på heile turen der vi besøker gardane Furnes, Hermundsdalen og Tysso. Oppmøte vert på parkeringsplassen 50 meter opp i avkøyrsla til Verpelstad. Det vert organisert felles køyring til Furnestræ.
Furnes
Bratte bakkar på Furnes
Frå Furnestræ vert det skyss over Bolstadfjorden til Furnes, der det er to gardsbruk eit stykke opp frå sjøen. Her vert vi møtt av folk frå garden som vil fortelje oss om livet på gardane då det var drift her.
Vidare går turen opp dei bratte bøene på Furnes til uteløene som er restaurert i gamal stil. Turen går videre i bratt og terreng til vi har Bolstadfjorden kring 550 meter bratt under oss. Her tek med ein god pause medan me nytar utsikta mot Bolstadfjorden under.
Uteløe på Furnes
Turen vidare går langs Rupefjellstjørna før det siste stykke som er bratt ned lia til den den veglause garden Hermundsdalen (220 moh). Her får vi får høyre litt om garden. Frå Hermundsdalen på god sti og traktorveg vidare ned til Tysso, kring 3 km.
Frå Tysso vert me skyssa i båt ebrunæ vert me skyssa med båt attende til Dalseid.
Gradering: 6-7 timar inklusiv pausar, Turen går delvis på sti, og delvis i terreng utan sti. Samla tid inklusiv båttransport kring 8 timar. Til saman er turen på omlag 7 km og 600 høgdemeter.
Kulturhistorie: Om ein er interessert i gardane og plassane ein passerer på turen finn kan ein sjå programmet om Laksebonden eller sesong 23 frå 2024 av der ingen kunne tru på NRK TV.
Ein kan også lese i bygdeboka for Vaksdal, band III
Mat: Ta med god nistepakke og drikkeflaske til ein heil dag ute
Utstyr: Lett tursekk pakka med:
Generelle vilkår ved påmelding: Les generelle vilkår:https://www.dnt.no/aktiviteter/organiserte-turer/vilkar-for-turdeltakelse/
Pris: 200 kr ,- for medlemmar av DNT, 300 kr ,- for ikkje-medlemmar. Betaling når du melder deg på. Full refusjon vert gjeve ved avmelding inntil 10 dagar før turen, halv refusjon ved seinare avmelding. Ingen refusjon ved avmelding mindre enn 48 timar før turstart. Meld deg inn her om du ønsker medlemskap: ?https://www.dnt.no/medlem/
Tog: Reisande med tog kan gjere avtale om transport frå/til Dale med turleiar.
Kart: Voss 1:50 000.
Turleiarar: Willy-André Gjesdal og Terje Danielsen Kvamme
Spørsmål? har du spørsmål kontakt med willy.andre.gjesdal@gmail.com