🌟 Torsdag 18.juni: FTU ved Sanden i Naustdal! 🌟
Vi ønskjer både nye og tidlegare deltakarar hjarteleg velkomne til ein kjekk ettermiddag på Sanden!
Her kan du padle, bade eller drive med hagespel i godt lag.
Oppmøte: Direkte ved Sanden i Naustdal kl.17.00.
Ta med deg: varm/kald drikke, sitjeunderlag og varme klede.
Om FTU:
Friluftsliv tilrettelagt for utviklingshemma er ei gruppe som sørgjer for at personar med funksjonsnedsettelse får gode naturopplevingar. Aktivitetane våre blir tilpassa ulik fysisk form og funksjonsnivå.
Tilbodet er gratis og ope for alle: Menneske med utviklingshemming, søsken, foreldre, besteforeldre, venner, frivillige, assistentar eller andre som vil bidra eller delta.
🌿 Bli med og skap fine naturopplevingar saman med oss!