Go Norsk Friluftsliv to main content
09. Jul 2026

Frå Hardangerfjorden via Bergsdalsfjella til Vaksdal

Mer informasjon
Frå Hardangerfjorden via Bergsdalsfjella til Vaksdal
IconSted
Bergen
Icon Tid
Icon Arrangør
Vaksdal Turlag
Icon Kontaktperson

Kun ein kort tur unna Bergen, og vips, så har du dei ville og vakre Kvammafjella og Bergsdalsfjella for føtene dine. Her inne har Bergen og Hordaland Turlag fleire flotte hytter med fine dagsetappar imellom. Terrenget er svært variert. Det eine augeblikket vandrar ein over sva og gjennom ur, det neste på mjuke stiar med eit frodig landskap rundt. Her inne har dei mange sauene det godt, heilt til dei blir henta ned frå fjellet i september.

TURSKILDRING
Torsdag: Fitjadalen 300 moh – Breidablik 1162 moh. 5–6 km / ca. 3–4 timarVi startar ved vakre Fitjadalsvatnet ved Øystese i Hardanger, på ca. 300 moh. Målet for dagen er Breidablik (1162 moh.) via Skrott om vêret tillet det. Undervegs set vi oss ned og nyt matpakken med utsikt mot Hardangerfjorden, før vi kjem opp på platået der hyttetunet Breidablik byr på eit flott rundskue om vêrforholda ligg til rette. Friskusar kan ta eit bad før middag i badekulpen på tunet, som nyleg er restaurert. Vel framme på hytta lagar vi middag saman og nyt skumringstimane i det idylliske hyttetunet.

Fredag: Breidablik via Glyntabakkane, Austra og Vestre Trongasmoget til Gullhorgabu – ca. 15 km / ca. 6–7 timar. Fredag morgon et vi ein god frukost, smør nistepakken og startar turen mot Gullhorgabu. Etter pakking og grundig utvask legg vi i veg ca. kl. 09.00. Vi går vestover mot Vending, bratt ned frå Geitafjellet, forbi Solheimdalsvatnet til DNT-hytta Vending. Vi tek ein god pust i bakken før vi held fram nordvestover forbi Søyasete, Kjerringadalen og rundt sørsida av Bjørnaknausen. I nordenden av Vestre Trongasmog ser vi etter kvart øvre Dukavatnet, der Gullhorgabu ligg ved nordenden av vatnet. På Gullhorgabu finn vi oss godt til rette og nyt ein betre trerettar frå proviantlageret på hytta. NB! Denne etappen kan opplevast som krevjande for mange då han går i mykje kupert terreng og har fleire bratte kneikar både oppover og nedover.

Laurdag: Gullhorgabu – Høgabu via Bergsbukken (1162 moh.) ca. 4–5 km / ca. 3–4 timar. Etter frukost, smøring av niste, pakking og utvask startar vi dagens etappe mot Høgabu ca. kl. 10.00. Dette er ei relativt kort etappe, så for å gjere turen ekstra spektakulær går vi over Bergsbukken på veg mot Høgabu. Vi startar med å gå opp til øvre Gulltjørni og held ein nordvestleg retning før vi skrår opp på Bergsbukken. Her håpar vi på panoramautsikt mot øyane i vest og viddene i aust medan vi nyt ein god lunsj. Frå Bukken går det lett nedover til hytta. Høgabu er turlaget si eldste hytte i Bergsdalen, bygd i 1937. Vi reknar god tid til rekreasjon og sosialt samvær, inkludert middag på ettermiddag og kveld. Det er fullt mogleg å ta eit forfriskande bad i Tjørnadalsvatnet 890 moh.

Sundag: Høgabu – Vaksdal ca. 17 km / ca. 6-7 timar. Etter ei god natts søvn, frukost, smøring av nistepakke, pakking og utvask startar vi sjarmøretappen mot Vaksdal ca. kl. 10.00. Traséen går sørover og vestover i flott fjellterreng på god T-merkt sti. Nedover Grønalii er det flott utsikt vestover. Ved Herfangsvatnet må vi krysse nokre elvar, og ved høg vasstand kan det vere nødvendig å vade. Frå Herfangen er det ei lita stigning opp mot Varatjødnane før det går jamt nedover Budalen til vi kjem til Herfindalen. Herifrå er det grusveg dei siste seks kilometrane til stasjonen på Vaksdal.

PRAKTISK INFO
Gradering av turen: Krevjande. Det er viktig at du set deg inn i graderinga på turen. Sjå meir om gradering av DNT-turar her. Ver særleg merksam på om det blir stilt krav til ferdigheiter og bruk av utstyr. Vurder di eiga deltaking basert på opplysningane i turskildringa.
Krav til deltakar: Deltakarar må kunne bere ein sekk på mellom 8–10 kg i kupert og bratt terreng, med fleire motbakkar, stigningar og nedstigningar fleire dagar på rad. Kné må tole bratt nedstigning.

Utstyr: Du skal på tur i høgfjellet og på Vestlandet. Du må ha på/med: vindtett og vanntett yttertøy, varmeisolerande mellomlag og ull innerst. Lue og vottar må vere med i sekken. Sjå gjerne vår pakkeliste for sommarturar som rettesnor.
Kart og turutstyr kan kjøpast i Tursenteret i Marken, Bergen. Rabattprisar for DNT-medlemmer.

REISEDETALJAR OG TRANSPORT
Oppmøtestad: Bergen busstasjon, plattform O – bussrute 930 til Norheimsund (Alternativt oppmøte i Øystese kl. 10.30) 

Oppmøtetidspunkt: Kl. 08.30, avreise kl. 08.55– Ankomst Øystese: kl. 10.35– Ankomst Fitjadalen: ca. kl. 11.15 (Deltakarar kan møte i Øystese kl. 10.35). Med offentleg transport frå Bergen: Bussrute 930 frå Bergen busstasjon til Norheimsund, byte til bussrute 925 vidare til Øystese. Innleigd minibuss frå Øystese til Fitjadalen. Rutebuss er ikkje inkludert. Sjå rutetider på entur.no. Bergen og Hordaland Turlag er ikkje ansvarlege for endringar i rutetidene. Deltakarar må sjølve sjekke rutetider før påmelding.

Heimreise: Tog frå Vaksdal stasjon.Vi tek atterhald om endringar i rutetidene.

OVERNATTING
Deltakarane deler rom. Ta med eigen lakenpose eller tursengety.

Hytter: Breidablik, Gullhorgabu, Høgabu

Mat: Vi lagar måltid basert på ingrediensar frå proviantlageret på hyttene. Ta med brød, snacks og drikke / det du ønskjer utover dette. Det finst berre knekkebrød på hyttene. Gi beskjed om eventuelle matallergiar ved påmelding.

PRISEN INKLUDERER
Kost og losji på hyttene, turleiing, sikkerheitsutstyr, innleigd transport frå Øystese til Fitjadalsvatnet. Rabatt for DNT-medlemmer. Les meir og meld deg inn her

Turleiing: Turen blir leia av turleiarar med solid erfaring og gjennomført DNT-turleiaropplæring. Turleiarane mottek ikkje løn, men utfører oppdraget som frivillige. Turavgifta dekkjer kostnader som transport, mat, overnatting og nødvendig kompetanseheving som skredkurs, turleiaropplæring og førstehjelpskurs. Turlivet og gleda av å dele naturopplevingar ligg til grunn for arbeidet.

Tryggleik: Vi har risikovurdert alle turane og jobbar kontinuerleg for å redusere risikoen for alvorlege skadar og ulykker. Likevel vil det alltid vere ein viss risiko ved ferdsel i naturen. Deltakarar må lese all informasjon nøye: turbeskriving, viktig informasjon til deltakarar og generelle vilkår – og vurdere turen etter eiga evne.

Turleiarar på denne turen: Elizabeth Gjessing og Linn Eidsvik

Turleiarane tek kontakt med deltakarane 7–10 dagar før avreise.

Icon Oppmøtested