Har du lyst til å testa ut fridykking i vakker vestlandskyst? Då må du vera med DNT ung på tur til Fosnstraumen 26. – 27. september!
Oppmøte
Bergen busstasjon. Tidspunkt vil bli oppdatert, men blir nok tidleg på lørdagen 12.9.
Lørdag
Me møter opp på Bergen busstasjon og tar buss ut til Fosnstraumen.
Når me har kommet oss på plass vil instruktørar frå Frivannsliv ta oss igjennom grunnleggjande teknikk, utstyrsbruk, sikkerheit og tips og triks me kan ta med oss ut i sjøen.
Fridykking handlar om å utforska verda under vassoverflata kun med bruk av våre eigne lunger. Her er det mogleg å hiva seg med anten ein har mykje erfaring eller aldri har testa fridykking før. Me brukar tida i sjøen til å læra oss nokre grunnleggande ferdigheiter og selvfølgelig utforska område rundt oss. Etter me har dykka og fått på oss varme klær igjen, begynner me med middag og lagar oss ein fin kveld.
Søndag
Me står opp og et frokost før vi pakkar sammen leiren. Deretter gjer me oss klar til eit til dykk. Når me er ferdig med dykket drar me etterkvart tilbake til Bergen.
Pakkeliste
Turledere tar med lavvo, men deltakare er nødt til å ha med eiget liggeunderlag og sovepose. I tillegg er det viktig med nok varme klær sidan me skal vera ute heile tida, hugs også badehåndkle. Sjekk værmeldinga før de pakker! Se òg sommarpakkelista til DNT for tips: https://www.dnt.no/turtips/turvett/artikler/pakkeliste-for-sommerturen/
Vist ein manglar noko kan ein låna frå BUA, ellers så kan ein spør familie eller vennar om å låna utstyr. Turlederne kan også hjelpe, ta kontakt.
Mat
Turledere stiller med felles middag til lørdag og litt snacks. Ellers må deltakere ta med seg eigen mat til lunsj*2, kvelds og frokost. Som på alle turane til DNT Ung er det forbudt å ha med alkohol og rusmidler.
Turledar
Tuva L. Alvsåker og Hanne
Pris
Kr 1159 ,- for medlemmer, kr 1524 ,- for ikke-medlemmer. Meld deg inn her om du ønsker medlemskap. Prisen inkluderer instruksjon, dykkeutstyr, turledelse, og felles middag på lørdag. Bussbillett dekker hver enkelt selv.