Oppmøte Måløy Ferjekai kl 0820 eller Svarstad kl 0930.
Alt for få i Sogn og Fjordane kjenner ei av dei vestlegaste naturperlene våre, Vetvika i Bremanger. Ei fantastisk naturopplevinga får du ved å være med på denne turen frå Svarstad på Bremangerlandet og over fjellet til Vetvika.
I starten følgjer ein grusveg som går opp til Steinfjellet. Etter ca 1 km går vi av vegen og resten av turen går på godt merka sti. Vi dreier etter nokre hundre meter vestover og går over høgda nord for Karihaugen til ein kjem fram på kanten og kan sjå ned i Vetvika. Her er det ei fantastisk utsikt ned i Vetvika og vi tar ein stopp på kanten så man kan ta litt bilder. På forsommaren er grasslettene i vika irrgrøne i sterk kontrast til den kvite sanden. Det er ei kraftig naturoppleving å stå oppe i lia nokre hundre meter over sanden og nyte synet. Turen ned bakkane kan vere litt krevjande, men ikkje vanskeleg for nokolunde flakkføre personar. Turen ned endar inst i vika rett ved sanden.
Har ein først teke turen ned i vika, er det også verd å ta turen ut til moloen på sørsida. Då går du også forbi den særeigne kyrkjegarden som ligg innegjerda på innmarka. Ein fin sommardag er det berre idyll å vitje Vetvika. Om du ikkje set for høge krav til sjøtemperatur, har du ei sydlandsliknande badestrand å boltre deg på.
Vi velger ein annan veg på heimover og går da langs det 1800 meter lange Vetvikevatnet og opp det som heiter ura innerst i dalen. Her går det bratt oppover bakkane, men er likevel ein fin og god sti å følge sjøl i ura. Oppe på høgda kjem ein inn igjen på den stien som vi følgte til Vetvika. og vi går nedatt grusvegen mot parkering.
Der er mange historier knytt til Vetvika og vi vil ta nokre historier underveis på denne turen
Heile rundturen tek normalt ca 8 t.
Gode klær og sko nødvendig. Ta med full vannflaske og nok mat til turen.
Les meir om turen her: https://ut.no/turforslag/116212/vetvika-et-naturhardt-paradis