Dette er turen for deg som vil gå langt og mange høgdemeter i variert terreng. Til fjellet med det stilige namnet Skjorta.
Oppmøte: Festplassen i Førde kl. 08.30 dersom du ønskjer å samkøyre, eller oppmøte direkte ved Helgheim kyrkje kl. 09.15.
Vi køyrer vidare til velteplassen på Huus. Etter om lag 600 meter går vi på bru over ei elv og føl deretter skogsbilveg opp til Helgheimsstølen (600 moh).
Frå Helgheimstølen går vi til Vasskaret (ca 950 m.o.h). Her er ei fin steinbu. Det er ei kort bratt nedstigning til Vasskarvatnet. Her kan det ligge igjen eit lite snøparti, elles er her store stein å gå på.
Etter Vassvatnet er terrenget lett å gå i, relativt flatt til vi går forbi endå eit nydeleg fjellvatn, Tverrlivatnet. Etter Tverrlivatnet begynner oppstigninga til Skjorta. Det er jamn og fin stigning opp mot platået på Skjorta. Vi ser ned til Breimsvatnet og flott utsikt i alle kantar.
Retur same vegen tilbake.
Gradering: Krevjande fottur i fjellet, grunna lengde og totalt høgdemeter.
Passar for: Passar for ungdom og vaksne. Du må vere i god form.
Lengde: ca 20 km tur/retur.
Total stigning: ca 350 moh-1472 moh.
Anslått gåtid: ca 8-9 timar. Pausar kjem i tillegg.
Utstyr: gode tursko, ekstra varme kler i sekken, mat og drikke.
Sjå også turomtale om Skjorta i Opptur Sogn og Fjordane eller Opptur Indre Sunnfjord, eller på ut.no Fottur til Skjorta via Helgheimsstøylen og Vasskaret | UT.no
(startstad varierar i turomtalene).
Turleiarar: Astrid Sundset Moe og Merete Helgheim (kontakt tlf 99 45 79 50).
Turen kan bli avlyst på kort varsel grunna vær. Vi publiserer dette på nettsida og du får ei melding dersom du allereie er påmeldt.
Som deltakar kan du bli fotografert av turleiarar eller andre deltakarar, og bileta kan bli brukte i IST sine kanalar. Gje beskjed til turleiar om du ikkje ønskjer å bli fotografert.
#helgetur