
Kartet viser turvegane i Tråveklanten der hovudvegane er Vindhellavegen og Sverrestien på kvar side av «toppen» Klanten 593 moh. Turen startar ved Rimskjold (315 moh), parkeringsplass. Rimskjold er tidlegare ungdomshus frå 1930-åra.
Planen er å gå opp Sverrestien til stikrysset Annastien/Sverrestien. Herifrå Annastien til nytt stikryss Annastien/Tråveklanten, gul sti tilbake til Sverrestien. Deretter Sverrestien nordover på oversida av Stavkyrkja. Retur ti Rimskjold (parkeringa) via Kyrkjevegen og ned Vindhellavegen.
Gåtid estimert til ca. 3 timar. I tillegg kjem stopp/pause undervegs for å nyte natur og utsyn, samt orientering om historia i området. Med matpause og stopp undervegs kjem turen truleg opp på 6 timar.
Dette er ein relativt lett tur på gode turvegar, stigning ca. 300 m.
På turen er det høve til å omvising i stavkyrkja (betaling) enten undervegs eller etter avslutta gåtur. Då må ein køyre opp til Stavkyrkjesenteret der det er kafe og informasjon.
Oppmøte og avreise vert annonsert seinare
Kjentmann: Åge Årdal (951 43 872)