Ikkje langt frå Vestkapp finn du denne perla, ein idyllisk stad i Selje kommune, under Furehornet, ligg Indre Fure med eit vakkert klyngjetun.
Frå Drage køyrer ein 4 km til vegen endar på Indre Fure.
Turen går frå tunet og ut langs sjøen. Sjøstien ut til Ytre Fure er tidvis godt opptrakka og lett å følgje, men stien kan oppleves også kanskje noko «luftig» og utfordrande for dei som er høgderedd eller har utfordringar med balansen .
Det er ei stor naturoppleving å gå denne turen, som er om lag 5 km fram og attende.
Les meir om turen her: https://ut.no/turforslag/115879/midt-i-stormlandet-fra-indre-til-ytre-fure.