Denne turen går på gammal ferdselsveg mellom Moldefjorden i nord og Rimstaddalen i sør. Vegen har i tidlegare tider vore brukt både som pilgrimsveg, kyrkjeveg og postveg. Første del av turen over Berstadeidet, er godt merka og det er god og tydeleg sti/veg å gå på. Når ein er komt opp på høgda og skal til på den slake nedstigniga til Rimstad blir det ein del myrlendt terreng og mindre merking.. Ein ser fine bruer og andre spor etter tidlegar tider.
Det er felles transport fra Måløy sentrum, og vi stiller med felles transport tilbake. Visst du vil ikkje nytte deg av dette så er det oppmøte Berstad kl 0930.