Området er eit av det finaste turområda me har i Vik kommune. Lett å gå, på godt underlag, helst turt terreng og med god utsikt på store deler av turen, spesielt mot vestre delen av Vikafjellet. Turen ligg i området som er sentralt for villreinen på Vikafjellet.
Me møtest ved kiosken på kaien i Vik sentrum kl. 10.30. Organisering av fellestrasport med bilar til stor parkeringsplass ved stølen Fosse på Vikafjellet, 932 moh. Ca. 20 min køyring.
Me går forbi stølen på Fosse, på god sti og med lett stigning mot Fossfjellet. Litt brattare og steinete på slutten opp skardet, før me er oppe på fjellet. Vidare opp til den flotte varden på toppen, 1314 moh, høgste punkt på turen. No vert det lett terreng beint sørover, forbi sørenden på vatnet, og vidare i same høgda til dei små vatna i Duedalane. Frampå kanten her er det god utsikt ned til stølen Dueskardet, til Bjørndalskamben, m.m. Me går ned den bratte skråninga mot sør, og kjem då inn å stien som går frå Dueskardet til Fosse. Dette er den gamle ferdslevegen som kjem frå Stalheim og går til Vik. Den var mykje brukt i gamle dagar, før det vart bilveg over fjellet. Det er ein T-merka sti, og me håpar å få merka han betre på ny, slik at han vert meir brukt. Me følgjer denne i lett terreng, og kryssar dei to Tverreelvane som kjem frå Fossfjellet, går eit lite stykke på bilvegen som går innover fjellet her, før me tek av på sti til Fosse.
Det er ein rundtur på 13,6 km, og me reknar med å bruka ca. 6 timar på turen.