Go Norsk Friluftsliv to main content
20. Jun 2026

DNT Unge Vaksne: Fisketur i Bergsdalen

Mer informasjon
DNT Unge Vaksne: Fisketur i Bergsdalen
IconSted
Voss
Icon Tid
Kl. 09.00 - 18.00
Icon Arrangør
Voss Utferdslag
Icon Kontaktperson

Bli med på ein innholdsrik dag med vandring, kano og fiske! Ein god moglegheit til å få tips og triks frå erfarne fiskarar. 

Gradering / vanskelegheitsgrad:   

Lett (grøn): 100 høgdemeter, 4 kilometer, 2 timars gange. 

Turomtale: 

Felles køyring frå Vangen til Småbrekke, ca. 40 minutt. Det blir fisking i Småbrekkevatnet like ved parkeringa. Det blir også mogleg å padla i kano ved Småbrekkevatnet. 

Videre fylgjar me militærvegen i 20 minutt på flott turveg til vatnet ved Moastølen. Her blir det litt kombi fiske og fjelltur med vandring i "Trollskogen" og Moagjelet. 

Krav til deltakarar: 

Vant med å vera ute i allslags ver. Du treng ikkje å ha fiska før for å bli med på turen. 

Utstyr: 

- Fiskestang (helst for fiske i ferskvatn)

- Sluk, spinner, dobb, fiskefluge, makekrok, makk (valfritt) 

- Turklede og fjellsko

- Mat og drikke

Frammøte: 

Voss Vandrarheim kl. 9:00.

Transport:  

Samkjøyring.

Turleiing: 

Turen blir leia av turleiarar. Turleiarane er ikkje profesjonelle, noko som betyr at turane vert gjennomført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guiding. Turane vert gjennomført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen, samt å ta med andre på gode opplevingar ute.   

Pris: 

Gratis.

+ Fiskekort "Bergsdalen", 60 kr (kjøpas her)

+ Betaling for samkjøyring til sjåfør på turdagen, 110 kr. 

Turleiarar: 

Sveinung Klyve, sveinung.klyve@vlfk.no, tlf. 95 98 75 01

Sigbjørn Utbø Sakseid, sigbjorn.sakseid@gmail.com, 93 20 22 84

Icon Oppmøtested