Go Norsk Friluftsliv to main content
06. Sep 2026

Dagstur fra Seljestadjuvet til Røldal

Mer informasjon
Dagstur fra Seljestadjuvet til Røldal
IconSted
Odda
Icon Tid
Kl. 08.00 - 16.00
Icon Arrangør
Odda/Ullensvang Turlag
Icon Kontaktperson

Oppmøte: Almerket i Odda, evt. Seljestadsvingane (180-graders svingane på gamlevegen mellom Seljestad og Røldal skisenter)

Transport: Privat transport. Ta kontakt med turleiar i god tid dersom du ønskjer skyss. Dei som sit på, betaler 100 kr til sjåføren pluss evt. bompengar / parkeringsavgift. Denne turen går frå A til B og er ikkje ein rundtur. Difor må vi køyre nokre bilar til Røldal, for så å køyre tilbake til startpunktet. På slutten av turen må vi gjere det same, berre motsett veg.

Turbeskriving: Vi startar turen frå Seljestadsvingane og følgjer sti mot «Høse». Starten går i skrått terreng før vi går over på breie hyller. Deretter kjem ein bratt bakke opp før vi kjem opp på flata langs vatnet mot «Høse». Gjennom kløvet/høsa er det noko bratt berg og stein, og stien er berre delvis til stades. Vidare klyv vi gjennom dalen ned mot den breie «Grøndalen», der vi kjem inn på sti som vi følgjer ned til Røldal.

Turlengd: 10 km

Stigning: 300–400 m

Nedstiging frå høgaste punkt: 900 m

Tid: 6 timar, i tillegg til 1 + 1 time køyring tur/retur

Ta med: Niste, evt. snacks, og nok drikke (minst 1,5 l vatn), sitjeunderlag og det du elles treng til ein dagstur. Kle deg etter ver og føreforhold. Spør gjerne turleiar om tips til klede og sko dersom du er usikker. Det kan vere kjølig og vindfullt oppe i fjellet. Bruk gode sko og ta gjerne med turstavar.

Krav til deltakar: Du må kunne gå middels dagsturar på 4–6 timar med ein liten sekk i kupert terreng. Gje beskjed dersom du har utfordringar knytte til helsa som eg bør vite om, eller om du er usikker på om du klarer turen.

Når du blir med på turen, stadfestar du at du har lese og akseptert vilkår for tur med DNT:https://www.dnt.no/aktiviteter/organiserte-turer/vilkar-for-turdeltakelse/

Pris: Turen er GRATIS for medlemar og kr 100,- for ikkje-medlemar. Utgifter til transport/parkering kjem i tillegg.

Turleiar: Torje Eriksen

993 45 869, torjeeriksen@live.no


Icon Oppmøtested