Bli med Barnas Turlag Haugesund på tur til Etnefjellet! Denne turen passer bland annet for dere som lurer på hvordan det fungerer å sove på en Turistforeningshytte. Her har en trygge turledere som veileder og viser.
Beskrivelse av turen:
Turen startar frå parkeringsplass ved Rema 1000 på Raglamyr. Me køyrer til Etne, forbi Etne sentrum og tek av til høgre ved skilt mot Litledalen. Me føl vegen til endes, fyrst langs Hårlandsvegen, så Kritlavegen. Her tek me unna mange høgdemeter og parkerar ved bom, ca 500 moh. Vidare går me på grusa veg til Grindheimsstølen og vidare langsmed oppdemt vatn. Etter ca 2 km på grusveg kjem me til eit lite stølstur, her passar det med ei rast.
Etter dette held turen fram på tydeleg sti, fyrst litt oppover, vekslande myrlendt før me kjem over på berg/skarv. Det held fram med jamn stigning før me går litt nedover og bortover. No har me fått Løkjelsvatnet på høgre hand. Hytta ligg i enden av vatnet. Ver merksam på at det kan vera glatt på berget når det er vått. Når me kjem til hytta kan me finna romma våre, fyra i omnen og henta vatn. Det er kjekt å setja seg ned og leika, spela spel eller berre slappa av. Om det er fint ver kan me vera ute og utforska omgjevnadane. Born får ikkje gå åleine ned til vatnet, skal alltid avtala med ein vaksen kor ein går.
Oppmøtetid- og stad: kl 0930, Rema 1000 Raglamyr, parkeringsplass
Stigning: 206 m
Distanse: 5,5 km
Varighet: 3,5-4 t gangtid + pause kvar veg
Gradering: blå- middels: Passar for born frå ca 5 år og oppover. Ein bør vera litt turvant for å gå på denne turen.
Turavgift: Avgiften dekker, overnatting, en varmt måltid. Turen er subsidiert av Frifond midler.
Turledere: Jenny Marie Vaage og Marius Daaland
Krav til deltaker: Du må være i god nok form til å bære din egen tursekk med mat, drikke og ekstra klede.
Deltakerutstyr: Til denne turen treng me fjellsko, vatn- og vindtette klede som ytterlag og ull innerst på kroppen. Blir det kaldt kan me ha bruk for vottar, lue og hals. Veret skiftar fort i fjellet. Du treng overnattingsutstyr (lakenpose eller sengetøy), toalettsaker, ekstra skift med sokkar, stillongs/bukse og t-skjorte/gensar, mat til niste laurdag, frukost og lunsj/niste sundag og evt snacks om kvelden. Det blir laga eit felles måltid laurdag som er inkludert i prisen.
Deltakers ansvar: Deltakar pliktar å lesa turbeskrivelsen grundig og vurdere om hun/han har fysisk og psykisk forutsetning for å gjennomføre aktiviteten. Det er viktig at alle passar på eigne born på heile turen.
Hund med på tur: På denne turen tek me ikkje med oss hund.
Påmelding: Husk å melde alle deltagerne på turen.
Vilkår: Les generelle vilkår som gjelder ved deltakelse på alle turene til Haugesund Turistforening uavhengig om det er påmelding eller ikke og som sier noe om deltakers ansvar.
Turbopass: for de som ønsker kan en kjøpe Turbopass til barna sine i butikken til turistforeningen i Haugesund eller på dntbutikken.no. For hver femte tur en er med på i regi av Barnas Turlag får barna en liten premie.
UT.no https://ut.no/turforslag/1112183055/skarstl-lkjelsvatnhytta
Følg oss på Facebook: Barnas Turlag på Haugalandet / Haugesund Turistforening