Me startar på omlag 450 moh, og skal opp i knapt 1300 moh i Sogndalsskardet. Derifrå går me ned til Storebotn og vidare ned Bessdalen på sti og og siste del på anleggsveg til Berge.
Turen er middels tung til krevjande, og tek 7-8 timar.
Sogndal Turlag lover roleg tempo med mange småpausar opp til Sogndalsskardet, derifrå går det nedover i lett terreng til Berge. Bli med på ein fantastisk tur i vill og vakker natur!
Vi ordnar felles transport tilbake til startpunktet.
Oppmøte Sogndal Skysstasjon kl. 09.00. Her fordeler vi oss i biler og kjører til Anestølen.
Det blir satt opp maxitaxi fra Berge til Anestølen etter turen. Avreise fra Berge er beregnet til ca. kl. 16.30
Deltakarane vippser ein eigenandel av transportkostnadene. Pris oppgis når vi vet hvor mange som er påmeldte.
Merk! Turen kan bli avlyst i dårleg ver
Påmelding på SMS til turleiar Anne Britt Reppen Halset
Turleiarar: Anne Britt Reppen Halset (909 83 861) og Bente Leirdal Sleen
Ettersom turane er planlagde lang tid i førevegen, kan det verta endringar i programmet, m.a. avreisetidspunkt. Følg difor med på heimesida til Sogndal Turlag og på Facebook for oppdatert turprogram.
Viss du er i tvil om kor lett eller tung turen er, eller kva utstyr du treng til turen, ta kontakt med turleiar eller ein i styret. Ver venleg å følgja oppmodinga for å gjera arbeidet lettare for turleiaren.
Alle turar med Sogndal Turlag er gratis for medlemmar, men der det blir sett opp buss eller båt så må ein betala.
For ikkje-medlemmar som ønskjer å delta på turane kostar det 50 kr å vere med.
Beløpet kan vipses til: 99206.