”På samme bane, på samme sted!” – Kva kan opplevingar med friluftsliv og friluftslivsundervisning i kroppsøving bety for minoritetselevar sine kulturelle identitetar?

Publisert

Denne mastergradsoppgåva (2020) har hatt som føremål å undersøkje problemstillinga: Kva kan opplevingar med friluftsliv og friluftslivsundervisning i kroppsøvingsfaget bety for minoritetselevar sine kulturelle identitetar? 

Analysen syner at informantane sine foreldre, og deira kulturelle bakgrunn relatert til friluftsliv, speler sentrale roller for interesse og deltaking i friluftslivsundervisninga, og konstituerer seg som ein del av informantane sine kulturelle identitetar relatert til friluftsliv. Friluftslivsundervisninga kan slik sett bidra til å forsterke eller endre eleven sin kulturelle bagasje knytt til natur og friluftsliv. Eit felles utdanningsløp kan bidra til å sidestille minoritetselevar med etnisk-norske elevar, men også fremje bevisstheit kring kulturelle forskjellar og tradisjonar relatert til friluftsliv. Informantane sine syn på eigen kulturelle identitet knytt til friluftsliv, avheng av opplevd erfaringsgrunnlag og grad av primærsosialisering. Resultata indikerer komplekse og ulike måtar å kombinere kulturelle identitetar, samt at identitetane vert tilpassa over tid og i forskjellige kontekstar. Ein av informantane synte ei relativt høgt nivå av konflikt og kompleksitet, medan dei to andre synte eit jamnare nivå.

Les hele oppgaven her>> https://hvlopen.brage.unit.no/hvlopen-xmlui/handle/11250/2670665

Del denne artikkelen