I den norske fjellheimen finn me kvasse toppar, store vidder, spektakulære fossar, kulturminner og rikt dyre- og planteliv. Her oppe finn me det største leveområdet til den europeiske villreinen. Ein majestetisk art som er sjølve grunnlaget for befolkinga av Noreg. Den felles historia til mennesket og villreinen har sett spor etter seg i høgfjellet, og fleire av desse godt bevarte spora smeltar fram no når fonner og isbrear trekk seg attende.
I dette webinaret vil du bli tatt med inn i ei spennande forteljing om villreinen og samspelet mellom menneske og villrein. Du får høyra om det oppsiktsvekkande arkeologiske funnet på Aurlandsfjellet, der ein endå kunne kjenna lukta av rein på fleire tusen år gamle trestokkar. Du får læra om det spesielle økosystemet villreinen inngår i. Og du får kunnskap som kan gjere oss betre å driva friluftsliv på lag med villreinen.
Naturvegleiar, Aasne Vinjerui Hamre, vil læra oss om villrein, og korleis me pakkar sekken med villreinkunnskap. Akeologar frå Vestland Fylkeskommune vil fortelje om fangstanlegget som smelta fram frå isen, og kva du kan gjere for å verte ein god medhjelpar i å finna arkeologiske funn som smeltar fram frå isen.
Webinaret startar 16.november kl 20.00, og varar ein time. Det vil vera høve for spørsmål mot slutten.
HUGS Å REGISTRERE DEG HER