Go Norsk Friluftsliv to main content
08. Sep 2026

Tysdagstur til Smålivatnet

Mer informasjon
IconSted
Sunnfjord
Icon Tid
Kl. 10.00 - 15.00
Icon Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Icon Kontaktperson

Vi køyrer oppover Sundsdalen. Vi parkerer ved krysset der bomvegen startar, Første del av turen går på grusveg til Ullebuststøylen. Deretter går turen på god sti, noko bratt oppstigning rett etter støylen, men etter det slakk og fin stigning innover mot vatnet. Ein fin tur med samla stigning 300 høgdemeter, og ei flott utsikt. 

Samordna avreise frå Laksen på Festplassen i Førde kl 10.00. Ev oppmøte ved turstart etter avtale med turleiar. 

Passasjerane betaler kr 50 til sjåfør for turar inntil 40 km kvar veg (80 km tur/retur). Ta omsyn til og juster ev for bompengar/parkeringsavgift. For turar på over 40 km kvar veg (over 80 km tur/retur) vert betalinga kr 75-100 alt etter lengde. For særleg lange turar vart det avtalt eigen sats. 

IST legg DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar til grunn der m.a. kvar av deltakarane har ansvar for eiga sikkerheit. 

Icon Oppmøtested