Oppmøte i Breidvik (sandtaket v/Linda Hantveit) søndag 14. juni kl. 09.00.
Vi legg opp til samkøyring i privatbilar til ballbingen i Tveita. Start frå Tveita kl. 09.30.
Me går opp Tveiteskardet, bratt oppstigning og litt luftigt til tider. Er været greitt, går me opp på Storeggene for å sjå den flotte utsikta, derfrå går me til Langevatnet og ned til Breidvikstølen. Kle dykk etter veret (hugs at det kan blåse på toppane) og ta med niste.
På Breidvikstølen vert det sal av mylse, vaflar, kaffi mm av Breidvik og Bålen bygdelag, så ta med pengar eller du kan vippse. Vel nede att er det fint om nokon av turdeltakarane kan køyre sjåførane tilbake til Tveita slik at dei får hente bilane sine.
Turleiarar: Lill Håvåg, Emma Karoline Rutledal, Anne Refsdal og Nina Høydal
Velkommen på tur!
Generelle vilkår for deltakelse: https://www.dnt.no/aktiviteter/vilkar/