Velkomen til turdag ved Søre Nordgulsvatnet søndag 19.april kl. 12:00-14:00. Vi fyrer i bålpanna og inviterar til tid i lag ut med tur langs ein liten del av den Trondhjemske postveg (fellesstart kl.12) og kano. Bruk av kano er på eige ansvar og føresette må følge med i kanoen. De må ha med eigne redningsvestar, og tek med grillmat sjølve. Føresette har ansvar for eigne barn.
Plassen er merka med eit skilt langs vegen kor det står "Den Trondhjemske postveg". Parkering finn de på andre sida av skiltet. Køyr gjerne i lag for å minimere tal på bilar.
4H Vårvon har laga til ein fin samlingsplass ved vatnet med kano (3 stk.), bålpanne og disser. Langs turvegen er det også benker. Vatnet ligg langs den Trondhjemske postveg og fellesturen går langs ei lita turstrekning som passer for dei minste barna (500-600 m t/r) utan å krysse hovudvegen. Om føresette med eldre barn treng ein litt lengre tur, kan vi anbefale ein tur til stølen i Litlebotn (skilt i vegen), turstart litt lenger opp langs hovudvegen. Turen blir ikkje organisert av Barnas Turlag, men er til dels merka og har ganske tydeleg sti. Det er også mogleg å gå ein lengre del av postvegen, sjølv om denne ikkje er ein del av turen arrangert av Barnas Turlag.
Den Trondhjemske postveg*
Den Trondhjemske postvei i Gulen er en historisk ferdselsåre fra 1800-1806, som i dag er et fredet kulturminne og en del av Norges lengste kulturminne. Strekningen er kjent for sine godt bevarte tørrmurte steinbruer, inkludert Trangane bru, og postbryggen i Rutledal. Vegen var sentral for postgangen mellom Bergen og Trondheim frem til 1868.
Høydepunkter og informasjon:
*samandrag frå AI