Dette arrangementet er ei oppfølgjing av førre års temamøte om initiativet til å få etablert ein nasjonalpark på Kolåshalvøya og fjordlandskapet i Hjørundfjorden. Vi inviterer til ein gaida tur der vi kan sjå på ein del av området som er foreslått verna, og orientere om kvifor vi i Naturvernforbundet, og mange andre, synest dette er ein god ide.
Turmålet Sylvkallen (1310 m) gjev god oversikt over området som er foreslått verna. Frå toppen har ein flott utsikt både nordvestover mot Kolåstinden/Molladalsområdet og mot Hjørundfjorden i aust.
Turbeskriving: Vi startar på Standaleidet. Turen er relativt lang og bratt, men grei og trygg å gå. Ingen luftige passasjar. 1033 høgdemeter stigning og anslått gangtid på ca. 5-6 timar t/r. Det inngår ei elvekryssing. Retur i utgangspunktet same stien som ein går opp. Ein alternativ retur er å dreie sørover når ein kjem ned i Nøvedalen og ta overgangen via Høgereset og Lisjedalen til Øvre Holen i Bondalen. Dette er eit litt lenger, men flott alternativ i eit mindre brukt terreng. Dette alternativet vil kreve at ein har ordna seg med transport frå Bondalen. (Eventuell avtale om denne varianten ved turstart eller undervegs.)
Frå DNT sin omtale av turen: En eventyrlig tur omringet av spektakulære fjell. Her serveres du intet mindre enn en panoramautsikt over Sunnmørsalpene, med blant annet Dalegubben, Hjelledalstindane, Saksa og Molladalen i sikte. Utsikten over Hjørundfjorden er verdt turen i seg selv. Som om ikke dette var nok, finner du også naturlige badekulper/infinity pools i elvene på vei opp.
Turleiar Gunnar Wangen et godt kjent i området og har lang erfaring frå denne typen turar.
Arrangør: Ørsta og Volda lokallag av Naturvernforbundet i samarbeid med Naturfestivalen.
Tema: Tur i området som kan vere aktuelt for etablering av nasjonalpark på Kolåshalvøya.
Oppmøte: Kl. 10:00 frå parkeringsplassen ved Standalsvegen like vanfor Dalagjerdet kraftverk.
Turleiarar: Gunnar Wangen og Helge Wangberg
Utstyr: Gode fjellsko. Mat og drikke for 6-7 timar.
Påmelding: Turen er gratis for alle, men meld deg på, slik at vi veit kor mange som kjem.