Fjelltoppen Nuken som ligg 919 moh på austsida av Sogndalsdalen, er eit populært turmål og ein av dei mest besøkte toppane i Sogndal.
Turen til Nuken er ein lettgått utsiktstur. Her er det god tilkomst, stort sett god sti og ope fjellterreng mesteparten av turen.
Frå parkeringsplassen på Åsen, 660 moh, går ein fyrst i slak stigning på god sti i open skog, og så vidare i lett fjellterreng mot Nuken med nokre korte bratte parti. Elles kan det no om hausten vera litt blautt i stien nokre stader. Nuken er ingen dominerande topp, men ligg fritt og fint og har flott utsikt i alle retningar.
Etter ein god matpause på toppen, går me ein litt annan veg tilbake og får god utsikt til Halsavatnet og området omkring der det skjedde dramatiske hendingar under krigen. Frå utsiktspunktet Nystølshaugen går me så same vegen ned att til Åsen.
Lengde: Ca 6 km
Samla stigning: Ca 300 m
Tid: Ca 4 timar
Oppmøte: Turen går torsdag 17. september med start frå Prix i Gaupne kl. 9.45 og parkeringsplassen på Sogn Skisenter kl. 10.00.
Passajerar betaler sjåføren kr. 100 for skyssen.
Me køyrer færrast mogeleg bilar, då det kan vera trongt om parkeringsplassar på Åsen. Dessutan er det vera litt vanskeleg å finna fram, så ein kolonne kan vera fornuftig.
Ta med på turen:
Dei som melder seg på, må sjølve vurdera sine føresetnader ut frå vanskegrad og turbeskrivelse.