Gålagsturen tysdag 21. april er ein grei vårtur, lagt til eit fint sentrumsnært naturområde i Sogndal. Gålaget gjekk tur i dette området i 2022, men me går litt annleis no.
Rundturen startar ved Thon Senter Sogningen og går fyrst nokre hundre meter på sti og veg gjennom byggjefeltet på Leite opp til Stigen, ein kort, bratt og litt steinet sti som lenge var ein mykje brukt snarveg for folka på Åberge. Etter ca 150 høgdemeter har me teke mesteparten av stigninga på turen, me forlet Stigen og går den korte vegen inn på Kongaberg, der me tek ein lengre pause og nyt den flotte utsikta. Derifrå går me vidare på grei sti i lett kupert terreng, forbi eit nytt fint utsiktspunkt og inn på Røvhaugane.
På den vesle runden inn i Nesmarki er stien delvis litt steinet, og det kan vera nokre våte parti, men stort sett er det lett og greitt å gå. På turen her i Nesmarki går me forbi nokre gamle kulturminne der me gjer korte stopp.
Tilbake på Røvhaugane tek me ein siste utsiktspause før me går vidare på den gamle kjerrevegen ned til byggjefeltet på Navarsete, så på sti gjennom Hovsmarki og tilbake til sentrum.
Turleiar/kjentmann: Vidar Lægreid
Om turen:
Gode kle og sko.
Evt. stavar.
Oppmøte/avreise:
Frå Saften/Leikanger kl 09.30.
Frå Skogly/Kaupanger kl 09.45.
Startpunkt:
I Leighgota ved Thon Senter Sogningen/P-hus Nord kl 10.00
Hugs parkeringsavgift !
Betaling for køyring:
Kr 50,- + parkeringsavgift etter avtale med sjåfør.
Turane går kvar tysdag frå midt april til midt i oktober, med sommarpause i juli månad. Turane startar kl. 09.30 eller 10.00 ved fastsett oppmøtestad. Oppmøtestaden varierer avhengig av kor turen går, nærare info vert lagt ut på heimesida ei veke før turen.
Sogndal Gålag har turar i alle kommunane som utgjer nye Sogndal kommune. Deltakarane må kunna gå i terreng i to til fem timar. Me stiller med turleiar og lokalkjent på kvar tur. Me lovar deg fine turar i flott terreng! Du vil møte turvener og får godt høve til å røra på musklane. Dersom det blir dårleg vêr, kan det bli endringar - men tur blir det i alle fall!
For meir info sjå: Sogndal Gålag på Facebook eller www.dnt.no/sogndal/gaalag
Meld deg inn i Gålaget ved å sende ein e-post til arnhaus@online.no