Neste tur går torsdag 1. oktober til Seljesete i stølsområda over Gaupne. Det blir ein rundtur frå Brunestegen på ca 8 kilometer i lett fjellterreng.
Målet er den fine fjellstølen Seljesete, og me ser fleire stølar undervegs. På tilbaketuren går me via Jargolane, litt høgare oppe.
Utsynet er heile tida storarta over til dei flotte toppane Asbjørnnosi og Hest. Gunn Jorunn Sviggum er med og viser veg.
Turen startar i bilar frå Hafslo sentrum kl. 10.00 og Prix Gaupne kl. 10.15. Passasjerar betaler sjåføren kr. 100 til å dekka drivstoff og bompengar.
Det trengst ikkje påmelding, og alle er velkomne!
Ta med på turen:
Alle turar har turleiar, og på mange av turane vil det i tillegg vera med kjentkvinne/-mann
