Turstien startar frå Sanden (gåtid ca 5 min frå Hella ferjekai), og er skilta til Vassvarden.
Me føl ein god sti/gamal ferdselsveg opp til det gamle skulehuset i Eitorn, som blei sett opp i 1880, og var i bruk fram til 1956. Då kom bilvegen frå Leikanger til Hella, og elevane blei flytta inn til Holum skule på Grinde.
Vidare går me ein litt bratt sti opp til høgdegarden Rud, ca 260 moh., som ligg fritt og fint til i liene over Hella, der hovudfjorden og Fjærlandsfjorden skil lag. Eit vakkert kulturlandskap med flott utsikt, der me tek matpausen vår.
Returen går på sti via Fletene, tilbake til skulehuset, og til Vestreim, der det veks eit vell av ville påskeliljer. Her er det høve til å gå ned att til bilvegen, om nokon tykkjer det er for langt å delta på heile turen.
Me føl vidare ein god sti til gamletunet Eitun, eit gamalt forfallent klyngjetun, som i si tid husa 4 bruk. Tunet blei flytta frå i 1965, då dei bygde hus nede ved riksvegen.
Siste etappe før me vender heimover, blir 17.maihaugen, vest for Kvinnafossen, her grendi hadde festplassen sin.
Returen går eit stykke på same stien, men me tek av, og føl Sjøarvegen ned til bilvegen ved Eitun.
Herifrå går me bilvegen tilbake til bilane (ca 20 min å gå).
Velkomen til ei flott turoppleving i eit vakkert turområde med mykje historie.
Turleiar: Kari Kitty Stadheim
Om turen:
Oppmøte/Avreise:
Startpunkt:
Sanden (Hella) kl 10.15
Det vil vere på plass personar, som dirigerer kor de skal parkere.
Køyring:
Turane går kvar tysdag frå midt april til midt i oktober, med sommarpause i juli månad. Turane startar kl. 09.30 eller 10.00 ved fastsett oppmøtestad. Oppmøtestaden varierer avhengig av kor turen går, nærare info vert lagt ut på heimesida ei veke før turen.
Sogndal Gålag har turar i alle kommunane som utgjer nye Sogndal kommune. Deltakarane må kunna gå i terreng i to til fem timar. Me stiller med turleiar og lokalkjent på kvar tur. Me lovar deg fine turar i flott terreng! Du vil møte turvener og får godt høve til å røra på musklane. Dersom det blir dårleg vêr, kan det bli endringar - men tur blir det i alle fall!
For meir info sjå: Sogndal Gålag på Facebook eller www.dnt.no/sogndal/gaalag
Meld deg inn i Gålaget ved å sende ein e-post til arnhaus@online.no