Go Norsk Friluftsliv to main content
20. Aug 2026

Tur til Borgund: Vindhellavegen – Sverrestigen med Luster Gålag

Mer informasjon
Tur til Borgund: Vindhellavegen – Sverrestigen med Luster Gålag
IconSted
Gaupne
Icon Tid
Kl. 09.00 - 16.00
Icon Arrangør
Luster Turlag

Denne gongen går turen til Borgund og rundturen Vindhella - Sverrestigen, som er ein av dei mest populære rundturane på Kongevegen over Filefjell. Rundturen er 4,3 km og tek om lag 2 ½ time, ein middels, lett tur.

Oppmøte og samordning av køyring ved Coop Prix Gaupne, avreise kl. 0900 og frå Hafslo sentrum kl. 0915. Me tek sikte på å koma med ferja på Mannheller kl.10.00. Passasjerane betalar sjåføren kr. 100 for turen.

Bilturen går oppover til Borgund. Køyr gjennom Seltun-tunnelen, ta av til venstre og køyr like etterpå til høgre (inn på gamle E16). Vidare forbi Husum Hotel til parkeringsplassen ved tidlegare ungdomshuset, Rimskjold (grønt bygg). Her møter me kjentmannen Dagfinn Hegg-Lunde.  

 

Ta med på turen:

  • Gode sko og kle
  • Regnkle og veret tilseier det
  • Litt ekstra varm tøy i sekken
  • Niste og drikke. Matpause vert alltid lagt inn
  • Stavar for dei som ønskjer det

Alle turar har turleiar, og på mange av turane vil det i tillegg vera med kjentkvinne/-mann


Icon Oppmøtested