Laurdag 4. juli tek vi turen til Austgulstølen. Helge Austgulen blir med som kjentmann og vil fortelje om den nyrestaurerte stien og om Austgulstølen.
Turen startar med jamn stigning opp Gjelet til Grønebakken som er eit bratt parti før ein når dei rehabiliterte svingane som er gode å gå i opp til Høgda. Denne delen av stølsvegen går i eit dalføre som er lite verutsett. Frå Høgda og over Vindskaret til nedstiginga til Austgulstølen går den merka stien i ope fjellterreng som er utsett for vind og regn. Siste del av turen ned stølslia går på fin sti i fjellbjørkeskog som skjermar godt mot både sterk sol, vind og regn.
Merk: Det er naudsynt med solide (fjell)joggesko eller fjellstøvlar. Turen ned frå høgda til Austgulen er krevjande for kne og lår, og stavar vil her vere til god nytte. Ta med mat og drikke og kle deg etter forholda!
Generelle vilkår for deltakelse: https://www.dnt.no/aktiviteter/vilkar/
Turleiarar:
Lindy Kristin Andersen, tlf. 97506461
Merete Haugsdal, tlf. 97159911
Velkommen på tur!