Dette blir ein sosial tur med overnatting på den mest nytta hytta i Indre Sunnfjord Turlag!
Laurdag 26. september:
Oppmøte på Legestølen i Årdal kl. 13.00.
Dei som ønskjer kan evt møte opp på festplassen (laksen) i Førde kl. 12.00 for felles transport i privatbilar til Legestølen.
Vi går frå Legestølen i Årdal til Longevasshytta. Sjå turomtalen her: Fra Legestøylen (Årdal) til Longevasshytta (ut.no). Turen er ca 6 km og tar ca 2,5 timar å gå.
På kvelden blir det hyggjeleg samver og middag på Longevasshytta. Vi lager felles middag på laurdag der vi plukkar frå matlageret på hytta. Middag er inkludert i prisen.
Longevasshytta (ut.no) har 11 sengeplassar og mange madrassar på hems, samt sovesofa og sikringsbu. Det er lagt opp til inntil 12 deltakarar, pluss turleiarar.
Søndag 27. september er det avreise frå Longevasshytta kl. 10.30.
Det er ikkje mobildekning på hytta.
Utstyr:
Gode tursko, skiftekle (ulltrøye, genser, bukse, undertøy), lakenpose eller sengetøy (evt sovepose), toalettsaker. Se gjerne pakkliste sommer for tips: Hvordan pakke sekken - Pakkeliste fjelltur sommer (dnt.no), Ta med mat: niste til begge dagar og frukost søndag.
Praktisk info, påmeldingsavgift:
Pris per person for kost, overnatting: kr 399 for DNT medlem, kr. 549 for ikkje-medlem.
Dette dekker felles middag på laurdag (som vi lagar frå utvalet av mat på hytta), kaffi/saft til kveld/morgon.
Turleiarar: Lise Mari Haugen og Merete Helgheim (kontakt tlf 99 45 79 50).
Som deltakar kan du bli fotografert av turleiarar eller andre deltakarar, og bileta kan bli brukte i IST sine kanalar. Gje beskjed til turleiar om du ikkje ønskjer å bli fotografert.
#helgetur