Nipenatt!
Nipedag. Vi går frå Rasteplassen, til Eikefjordstøylen, Knollande, over Oksedalen, Nipevatnet, Skreene, Flatenipa, Likkjenipa, Strandanipa, Hovlandstøylen og ned til Rasteplassen. 7-8 timars tur. Ein kan gå nedatt frå Nipevatnet om ein ikkje vil gå heile turen. Avreise frå Evja kl 9:00 |
Turleiarar: Signe Nordvik
Pris
Medlemmar gratis og ikkje-medlemmer kr. 100. Vårt Vippsnummer er 554905. Transport kr. 50 til sjåfør ved felleskøyring. Over 30 km kr. 80.
Kva må du pakke?
Gå med fjellsko, vanntette, med god støtte og gode solar. Joggesko er ikkje å anbefale fordi vi går ein god del utanom sti og i ulent terreng, våte myrparti, ur, berg og grasbakke. Ta med varme klær, det blir kaldt utover natta. Hugs rikeleg mat og drikke i tursekken.
Spørsmål? Kontakt signe Nordvik, 415 30 520