Go Norsk Friluftsliv to main content
18. Oct 2026

Tur frå Lunde-Vidarsethovden i Feios

Mer informasjon
Tur frå Lunde-Vidarsethovden i Feios
IconSted
Icon Tid
Kl. 08.30 - 18.30
Icon Arrangør
Sogndal Turlag

Turomtale

Turen startar frå Lunde, ca 400 moh, og går i fire til dels bratte kilometer opp til Vidasethovden på 1227moh. Første delen av turen går gjennom granskog. Stien opp er stort sett tørr. Ein kan møte på sau og kyr som beitar i området.

Omtrent halvveges på turen kjem ein til eit gammalt steingjerde som vert kalla Fjellgarden, 770 moh. Denne steinmuren skilde mellom heimebeite og fjellbeite i tidlegare stølstider. Frå denne steingarden vert terrenget litt flatare og ein kjem i ope fjellterreng. Ein passerer eit område med myr, eit lite tjern og ei lita hytte før einkjem til fjellstølen Vidasete, 788 moh. Turen herifrå er bratt og til dels steinete fjellterreng. Oppe på Vidasethovden er det ein steinvarde. 

Ca 150 m lenger framme vert ein premiert med ei spektakulær utsiktover Sognefjorden og områda rundt.

Heile turen tek kring 5 timar

Oppmøte og avreise

Oppmøte kl. 8.15 for samkjøyring. 

Me kjøyrer via Hella og tek ferja til Vangsnes kl. 9.05 og derifrå til Feios.

Utstyr

  • Gode fjellsko
  • Vinn og vanntette ytterplagg
  • Gåstavar viss behov
  • Mat og drikke

Turplanlegging     

Ettersom   turane er planlagde lang tid i førevegen, kan det verta endringar i programmet, m.a. avreisetidspunkt. Følg difor med på heimesida til Sogndal Turlag og på Facebook for oppdatert turprogram. 

Viss du er i tvil om kor lett eller tung turen er, eller kva utstyr du treng til turen, ta kontakt med turleiar eller ein i styret. Ver venleg å følgja oppmodinga for å gjera arbeidet lettare for turleiaren.

Betaling for turar med Sogndal Turlag

Alle turar med Sogndal Turlag er gratis for medlemmar, men der det blir sett opp buss eller båt så må ein betala. 

For ikkje-medlemmar som ønskjer å delta på turane kostar det 50 kr å vere med. 

Beløpet kan vipses til: 99206.

Icon Oppmøtested