Go Norsk Friluftsliv to main content
25. Apr 2026

Topptur til Skålatårnet 1843 moh

Mer informasjon
Topptur til Skålatårnet 1843 moh
IconSted
Stryn
Icon Tid
Kl. 09.00 - 18.00
Icon Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag

Indre Sunnfjord Turlag arrangerar topptur til Skåla laurdag 25.april

Turen til Skålatårnet er merka svært krevjande. 
Ein skal gå om lag 7km og 1800 høgdemeter opp. 
Vi reknar med å bruke om lag 6 timar på oppstiginga. Ein må bære skia på sekken eit godt stykke.  
For å vere med på denne turen må du ha god fysisk form, gode skiferdigheiter og skredutstyr. Det kan vere lurt å ha med skarejern i sekken. 
Hugs godt med klede, mat og drikke. Sjå elles pakkeliste for topptur.

Det vert samkøyring frå Plantasjen i Førde kl.07.00. Deling av transportutgifter direkte til sjåfør. 
Dei som møter direkte i Loen møter på Skåla parkering kl.09.00.  

Turen går kun i godt vêr, dersom vêret er betre sundag kan turen bli flytt. 

Praktisk informasjon (gjeld alle turar)

  • Turane vert gjennomførte som frivillig dugnad. Turleiarane har god kompetanse, men alle deltakarar har ansvar for seg sjølv og eige utstyr. IST følgjer DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar.
  • Samkøyring vert avtalt der det er aktuelt. Passasjerar betaler vanlegvis kr 50 per person for turar inntil 40 km kvar veg. For lengre turar tilrår vi 3,5 kr/km delt på tal passasjerar. Eventuelle bompengar og parkeringsavgifter vert fordelte.
  • Som deltakar kan du bli fotografert av turleiarar eller andre deltakarar, og bileta kan bli brukte i IST sine kanalar. Gje beskjed til turleiar om du ikkje ønskjer å bli fotografert.

#helgetur

Icon Oppmøtested