Turen startar ved Årvollsåsen. Oppmøte kl. 10 på parkeringa. Er du åleine i bilen eller treng skyss, sei i frå om dette ved påmelding.
Me går i slakt/flatt terreng til Halsavatnet, vidare til tuftene etter stølen Vatnasete. Deretter til Espendalstølen og Kvamsnystølen (bilde).
Me passerar idylliske Honningatjødni (bilde) og går nedatt på Ølnesstølen. Felles transport tilbake til Åsen.
Turen vil ta 4-5 timar, og går i lett turterreng.
Anne Britt Reppen Halset (90983861)
Påmelding på SMS til turleiar
Ettersom turane er planlagde lang tid i førevegen, kan det verta endringar i programmet, m.a. avreisetidspunkt. Følg difor med på heimesida til Sogndal Turlag og på Facebook for oppdatert turprogram.
Viss du er i tvil om kor lett eller tung turen er, eller kva utstyr du treng til turen, ta kontakt med turleiar eller ein i styret. Ver venleg å følgja oppmodinga for å gjera arbeidet lettare for turleiaren.
Alle turar med Sogndal Turlag er gratis for medlemmar, men der det blir sett opp buss eller båt så må ein betala.
For ikkje-medlemmar som ønskjer å delta på turane kostar det 50 kr å vere med.
Beløpet kan vipses til: 99206.