Go Norsk Friluftsliv to main content
12. May 2026

Sykkeltur Fagernes – Bjørgo t/r

Mer informasjon
Sykkeltur Fagernes – Bjørgo t/r
IconSted
Nord-Aurdal
Icon Tid
Kl. 10.00 - 15.00
Icon Arrangør
DNT Valdres
Icon Kontaktperson

Opplev tidleg vår frå sykkelsetet utan å møta sjenerande trafikk.

Tradisjonen tru arrangerer seniorgruppa sykkelturen Fagernes – Bjørgo på Valdresbanevegen. Denne gongen er ikkje turen ein tematur. Vi stoppar etter behov og ønskje frå turleiar og deltakarar. 

Turen passar både for vanleg sykkel og el-sykkel. Dette er ein fellestur, så alle må tilpassa seg farten til gruppa. Pass på at sykkelen er i god stand. Ta med sykkelpumpe og lappesaker, helst ekstra sykkelslange. Det gjer det enklare dersom du punkterer. Traseen er etter måten lett, men det er jamn stigning som vi merkar godt, spesielt dersom det er motvind. Det er ein fordel at du er i bra form og at du har sykla noko før turen startar og har prøvd sykkelen etter vinterpausen.

Kle dag for ein tidleg vårdag. Det kan vera både kaldt og vått på denne tida. Men vi håpar sjølvsagt på fint ver. Alle må ha med og bruka sykkelhjelm og refleksvest. 

Du syklar på eige ansvar, følg trafikkreglane og hald god avstand i utforbakkane. Vi turleiarar gjer vårt beste for at det skal bli ein trygg og god tur. Passar det slik, tar vi ein kaffistopp ved bakeriet i Aurdal. Ta likevel med niste og drikke.

Turleder 1

Bjørn Vegard Johnsen

48142002

bjorn.vegard.johnsen@gmail.com

Turleder 2

Gunnar Modén

92425919

 


Dersom veret blir for dårleg, kan turen bli flytta til tysdag 19. mai.

Icon Oppmøtested