Go Norsk Friluftsliv to main content
04. Oct 2026

Sundagstur: Yksendalstølen og Nesheimsnipa

Mer informasjon
Sundagstur: Yksendalstølen og Nesheimsnipa
IconSted
Voss
Icon Tid
Kl. 08.00 - 19.00
Icon Arrangør
Voss Utferdslag
Icon Kontaktperson

Opplev vakre sherpatrapper og stølskultur i Yksendalen. 

Gradering / vanskelegheitsgrad:   

Middels (blå): 600 høgdemeter, 6 kilometer, 5 timar. 

Turomtale: 

Turleiar, Sveinun Klyve, kjem med historiske fakta på den vakre bussturen på om lag ein time. 

Turen går langs ein gammal stølssti som er nyrestaurert med m.a. Yksendalstrappene som er bygd av sherpaer frå Nepal. Stien ligg som eit fint smykke i det bratte terrenget. Turen til Yksendalsstølen er blåmerka, og turen vidare til Nesheimsnipa er raudmerka. 

Turen startar på 460 moh ved gardstunet i Yksendalen og går til Yksendalsstølen på 670 moh., cirka 2,5 kilometer ein veg. Dette er ein fin tur på ein god time. Fyste del opp til Kvile er bratt, men har god sti/trapper med «kvilebenker» undervegs. Vidare flatar det ut inn mot stølen. På strekninga opp til stølen er det sett opp gode informasjonsskilt som fortel om historia til garden Yksendal. 

På stølen er det ope toalett for alle, og eit fint område å ta ein pust i bakken. Alle dei tre vatna du går forbi på veg til stølen er regulerte. Yksendalen hadde nemleg sitt eige kraftverk som vart bygd i 1942, og var i drift til 1977. Garden var i den tida sjølvforsynt med straum. 

Turen vidare mot Nesheimsnipa går på sti/trapper, cirka 3 kilometer ein veg. På toppen av Nesheimsnipa (1035 moh.) ventar det flott utsikt utover fjella i Eksingedalen. 


Krav til deltakarar: 

Du må klara å gå i steintrapper som utgjer om 1/3 av turen. 

Utstyr: 

Gode fjellsko, regntøy, mat og drikke. 

Sekk med ekstra plass til fellesutstyr. 

DNTs pakkeliste dagstur sommer 

Frammøte: 

Holdbergsplassen kl. 08:00 den 4 oktober. 

Transport:  

Minibuss.

Turleiing:

Turen blir leia av turleiarar. Turleiarane er ikkje profesjonelle, noko som betyr at turane vert gjennomført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guiding. Turane vert gjennomført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen, samt å ta med andre på gode opplevingar ute.   

Pris:  

Medlem 450 kr. inkluderer buss og administrasjonsavgift (75 kroner) 

Ikkje- medlem 650 kr. inkluderer buss og adminstrasjonsavgift (150 kr)  

Dyr: 

Når ein nyttar buss er hund ikkje lov grunna omsyn til allergi. Deltakar kan delta om han/ho køyrer sjølve. 

Turleiarar: 

Sveinung Klyve, tlf. 95 98 75 01 

Kari Brørvik 

Icon Oppmøtested