Opplev urørt natur på sitt besta på denna sundagsturen utafor merka sti med trollbindande utsikt mot Hardangerfjorden.
Gradering / vanskelegheitsgrad:
Krevjande (raud): Omlag 600 høgdemeter, 23 kilometer, 9 timar.
Turomtale:
Me startar frå Haugamoen på Rong og fylgjar stølsvegen opp til Løkjane. Deretter forset me på umerka sti forbi Løkjabotnen kvar me byrjar på stigningane opp mot Steinsetvatnet og inn mot Reinsdyrhytta.
Etter ein matpause, forsett me mot Synken og får ein formidabel utsikt ned mot Hardangerfjorden.
Mogleg me går ned til toppen av gamle trallebanen som kom opp frå Ålvik. På returen kan det henda att me går ned att på aust sida av Karaldavatnet, før me treffer stien ned att til Løkjane og Rong.
Krav til deltakarar:
God fysisk form, vera vant med lange turar.
Utstyr:
DNTs pakkeliste for dagstur sommar
Sekk med ekstra plass til fellesutstyr.
Frammøte:
Holdbergsplassen kl. 08:30 den 6 september.
Transport:
Samkøyring i private bilar.
Betaling for samkøyring skal betalast på turdagen til sjåfør, 60 kr.
Pris:
Medlem: 75 kr (administrasjonsavgift)
Ikkje-medlem: 150 kr (administrasjonsavgift)
+ 60 kr til sjåfør for samkøyring.
Turleiing:
Turen blir leia av turleiarar. Turleiarane er ikkje profesjonelle, noko som betyr at turane vert gjennomført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guiding. Turane vert gjennomført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen, samt å ta med andre på gode opplevingar ute.
Turleiarar:
Øyvind Olde, oeolde@online.no, 90 96 30 92