Lær om fangstanlegg frå istida på nydelege Aurlandsfjellet!
Gradering / vanskelegheitsgrad:
Middels (blå): 600 høgdemeter, 10 kilometer, 5 timar.
Turomtale:
Fyrste delen av turen vert 1,5 time i bil frå Voss til Aurlandsfjellet. På Aurlandsfjellet finst det mange ulike fangstanlegg etter jakt på reinsdyr etter istida. Hobbyarkeolog Helge Titland vil visa oss slike anlegg i området. Turen vert tilpassa ver og snøtilhøva i fjellet på denne tida av året. Me går ein runde på omlag 10 kilometer for å få sjå ulike slike anlegg.
Krav til deltakarar:
Vant med å gå med eigen sekk i variert terreng og ver.
Utstyr:
Regntøy, fjellsko, mat og drikke.
Sekk med ekstra plass til fellesutstyr.
Frammøte:
Voss Vandrarheim kl. 08:00.
Transport:
Betaling for samkøyring skal betalast på turdagen til sjåfør, 330 kr.
Turleiing:
Turen blir leia av turleiarar. Turleiarane er ikkje profesjonelle, noko som betyr at turane vert gjennomført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guiding. Turane vert gjennomført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen, samt å ta med andre på gode opplevingar ute.
Pris:
Medlem 75 kr. administrasjonsavgift
Ikkje- medlem 150 kr. adminstrasjonsavgift
+ 330 kr for samkjøyring til sjåfør.
Turleiarar:
Sveinung Klyve, tlf. 95987501
Helge Titland, tlf. 97472183