Go Norsk Friluftsliv to main content
IconSted
Stryn
Icon Tid
Kl. 06.00 - 21.00
Icon Arrangør
Indre Nordfjord Turlag
Icon Kontaktperson

Strynekåpa (1530 moh.) er eit flott fjell innerst i Erdalen i Oppstryn. I år har vi tenkt å gjære turen endå meir spektakulær ved å gå opp Vetledalen til Vetledalsbreen før vi går oppopver mot Fremstekåpa 1773. Strynekåpa. Om været og forma tillet det blir det ein bretur frå enden på Vetledalsbreen og mot Fremstekåpa før ein går til Strynekåpa. Etter gode pauser går ein ned mot Infimus som ligg ved vatnet framanfor Erdalsbreen. Videre ned Ulvestigen og tilbake til Vetledalssetra.

I tidlegare tider var her ferdselsveg over breane både mot Skjåk og Jostedalen. Om ein vil nyte vakker natur er det fullt muleg å gå inn til INT(DNT) hytta vår på Vetledalssetra fredag kveld å overnatte der (ca 1 time å gå frå parkeringa på Loppeset). 

Ein må rekne med at heile turen kan ta 12-16 timar og den kan være 20 km lang og med 1400 meter stigning. Turen er for godt trena personar og det er påkrevd gode fjellsko, vinterbekledning og nok mat/drikke. Ta med haudelykt. Turlaget tar med stegjern.

Frammøte på Strynehallen kl 06.00, på Loppeset (ved parkeringa) kl 06.45 eller på Vetledalssetra kl 08.00.

Påmelding på heimesida frå 3. juni. Ein får ei automatisk bekrefting på e-post/sms når påmeldinga er lagt inn. Det er begrensa plasser.

Gratis for medlemmar i DNT / INT og kr 200 for ikkje medlem  (betal ved oppmøte, Vipps NR 108817)

Icon Oppmøtested