📅 Dato: 27. juli 2026
📍 Stad: Bångårttjønne, Skjåk
Velkomen til ein sosial og minnerik sommarkveld ved vakre Bångårttjønne! Her blir det quiz, konsert, grillmat, badstugu og kveldsbad – alt i flotte omgjevnader.
Arrangementet er gratis og ope for alle. Arrangementet er alkoholfritt.
Program
18.00 – Ungdomsquiz - Quiz for ungdom frå og med 8. klasse til og med 29 år.
18.30 – Sal av grillmat - Grillmat blir selt til alle som ønskjer mat før konserten. Gratis for alle som har delteke på quiz.
19.30 – Utekonsert
Vegard Hosarøygard - Lokal artist som har studert gitar og utforska møtepunktet mellom el-gitar og folkemusikk. Vegard skriv også eigne låtar du kan glede deg til å høyre.
Lina Haug - Den lokale artisten, vokalisten og låtskrivaren Lina Haug kjem saman med gitaristen sin. Gled deg til ein fengjande kombinasjon av folkerock og pop, framført med nydeleg låtar på dialekt.
Etter konserten - Premieutdeling for quizen.
Kvelden held fram med Badstugu og eit forfriskande kveldsbad i tjønna.
Quiz
Påmeldingsfrist: 24. juli
Lag på 3–6 personar
Det er mogleg å melde seg på individuelt og bli sett saman med andre på lag.
Fine premiar til alle!
Merk: Alle som deltek på quizen får gratis grillmat.
Mat og servering
Gratis grillmat til alle quizdeltakarar.
Grillmat til sals for andre gjester før konserten.
Praktisk informasjon
Parkering: Ved tjønna, med kort gangavstand.
Tilgjenge: Arrangementet passar for alle og er rullestolvennleg.
Toalett: Utedo er tilgjengeleg.
Påmelding: Quizdeltakarar må melde seg på innan 24. juli. Til konserten er det berre å møte opp – inga påmelding nødvendig.

Arrangørar
Arrangementet er eit samarbeid mellom DNT Gudbrandsdalen og Bli hjå oss.
Vel møtt til ein hyggeleg sommarkveld med gode opplevingar i Skjåk!
