Skitur på Aurlandsfjellet 6. juni 2026
Me møtes ved rådhuset kl 09.00 for samkøyring til Flyvotni, det er ikkje mange parkeringsplassar på fjellet. Ruta går frå Flyvotni og over Tissedalsflyane, me må kryssa Tissedøla på ei snøbru, men det plar gå bra. Me tek ein pause ved hytta til Anders og Rannveig, derifrå går me mot turmålet Tissedalsvarden i slak motbakke. Retur same vegen.
Dette er ein snill tur utan bratte og lange bakkar, ein treng ikkje væra i superform for å væra med. Om lag 13 km lang, me brukar ca 3:30 timar
Om snøtilhøva ikkje er gode her kan ruta bli mot Norddalsvatnet over Vestre Tissedalskavlen.